Jan Erik Brudeli er ny eigedomssjef

12. desember starter Jan Erik Brudeli (49) som eigedomssjef i Hå kommune.

Brudeli har arbeidd i Hå kommune sidan 2002. Dei siste ti åra i eigedomsavdelinga. Han har bakgrunn som adjunkt og byggingeniør.

-Eiendomsforvaltning og -utvikling er eit viktig område i Hå kommune. Etter ein omfattande og grundig prosess er me derfor glade for at me nå har landa på at Jan Erik Brudeli er den nye eigedomssjefen vår. Han kjem frå stillinga som prosjektleiar i eigedomsavdelinga i Hå kommune, og kjenner organisasjonen godt, seier kommunedirektør Anne Berit Berge Ims.

Mann i soloppgang - Klikk for stort bilete