Viktig melding

Lukk meldinga

I desember blir matrikkel og grunnbok midlertidig stengd

Har du planar om å kjøpa, selja, dela eller måla opp ein eigedom? 

Melding til tinglysing. Tekst/grafikk. - Klikk for stort bilete

Dette er fire av ei rekke oppgåver som blir påvirka av at matrikkelen (offisielt register over fast eigedom, bygningar, boligar og adresser) og grunnboka (offisielt register over tinglyste rettar i fast eigedom og borettslagsdelar) blir lukka for endringer frå 15. desember 2023 til og med 1. januar 2024.

1. januar 2024 skal tre fylke bli til sju og ein kommune skal bli splitta i to. For å få tilstrekkeleg tid til å håndtera cirka 50 millioner endringar i matrikkel og grunnbok før årsskiftet, blir systema stengde for all oppdatering desse virkedagane i desember 2023.

Du kan bli berørt dersom:

  • Du eig ein eigedom og vurderar å søka om å dela denne i to eller fleire eigedomar.
  • Du skal selga eller kjøpa ein del av ein eigedom som tilleggsareal.
  • Du skal måla opp eigedomen din (klarlegga eksisterande grenser).
  • Du skal kjøpa eller selja eigedom, eller representera ein som gjer dette.
  • Du skal seksjonera ein eigedom (dela opp ein bygning i fleire eigarseksjonar slik at fleire kan eiga kvar sin del av bygningen).
  • Du skal tinglysa rettar i eigedom (for eksempel vegrett).

Matrikkelen

Matrikkelen blir stengd for oppdatering i alle kommunane i 8 virkedagar, frå 15. desember 2023 klokka 18.00 til utløpet av 1. januar 2024. 

Konsekvensar blir:

  • Inga registrering (matrikkelføring) i matrikkelen. Dette betyr at registrering av nye eigedomar, seksjonering, grensejustering / arealoverføring, adressering eller bygningsregistrering ikkje blir utført.
  • Inga innsending av matrikkeldokument til tinglysing. Kartverket rår til at kommunane sender siste melding til tinglysing 29. november 2023, for å sikra tid til eventuell feilretting ved retur av tinglysing.
  • Inga føring av konsesjonsforhold i eigedomsregisteret
  • Inga oppdatering av informasjon om grunnforureining, kulturminner, endringar frå folkeregisteret og enhetsregisteret (Brønnøysund) i perioden. 

Grunnbok 

Grunnboka blir stengd for oppdatering frå 29. desember 2023 kl. 20.00 til 1. januar 2024 kl. 23.59.

Konsekvensar:

  • Inga føring i grunnboka av motteke papirdokument i nedetida til grunnboka. Desse blir ført 02.01.2024 kl. 21:00 og dei vil få prioritet etter dokumenta som er motteke elektronisk i nedetida.
  • Elektronisk innsende dokument i perioden, blir liggande hos Altinn, og får prioritet frå det tidspunktet overføringa til grunnboka startar igjen på nyåret.

Kvifor blir matrikkelen og grunnboka midlertidig stengd ?

  • Kartverket skal sikra at kommune- og fylkesendring blir ivareteke i matrikkel og grunnbok frå 1. januar 2024 når endringa trer i kraft.
  • Sikra at andre registereigarar får tid til å førebu sine system med data frå matrikkel og grunnbok.
  • Stenginga av matrikkel og grunnbok i desember 2023 skal sikra at cirka 50 millioner dataendringar som følge av kommune- og fylkesendring kan bli sette i produksjon og bli distribuert 1. januar 2024.

Fakta

Fylka som blir delt:

  • Viken - blir delt til Østfold, Akershus og Buskerud.
  • Vestfold og Telemark – blir delt til Vestfold og Telemark.
  • Troms og Finnmark – blir delt til Troms og Finnmark.

Kommune som blir delt:

  • Ålesund – blir delt til Ålesund og Haram.

Dataene i matrikkel og grunnbok er tilgjengelig i Kartverket sine innsynstjenester heile den stengte perioden, men med data frå frystidspunktet. Dette gjeld matrikkel, grunnbok og visningstjenesten Seeiendom.