Hurra for freden og veteranane våre!

Arthur Arvid Bernssen (t.v.) og Ola Gudmestad har fått to medaljar kvar. Den sølvfarga medaljen med blått og kvitt er Forsvarets medalje for internasjonale operasjoner. Den messingfarga medaljen med raudt og svart band er Tysklandsbrigadens veteranforbunds medalje.  8. mai 2020 er det nøyaktig 75 år sidan freden kom tilbake til Noreg.

På frigjeringsdagen markerer me fridom i landet vårt. Tysdag 8. mai 1945 kapitulerte dei tyske militære styrkane, etter at dei hadde okkupert Noreg i over fem år.

Vanlegvis markerer me frigjerings- og veterandagen i lag med andre kommunar i Vatneleiren ved Sandnes, og heidrar norske veteraner frå andre verdskrig og fram til dagens internasjonale operasjonar. I 2020 ville det ha vore på sin plass med jubileumsarrangement for å heidra dei som gjorde ein særleg innsats for fred og fridom under andre verdskrigen og dei som sterkast fekk føla krigens konsekvensar.

Dessverre er ikkje 2020 eit normalt år. Me er i ei krevjande tid i Noreg, Europa og verda. Det er svært viktig at me alle tar del i den nasjonale dugnaden og bidrar til å hindra spreiing av koronaviruset, ikkje minst av omsyn til personar i risikogruppene. Derfor er nasjonale og lokale arrangement avlyst. Bodskapet om frigjerings- og veterandagen vil først og fremst verta formidla gjennom TV og digitale medium. Hå kommune markerer frigjerings- og veterandagen 8. mai digitalt på våre nettsider, og nyttar høvet til å løfta fram nokre lokale veteranar som har fått velfortente medaljar denne våren.

Amund Stein Midttun (t.v.) og ein uniformert Arthur Arvid Bernssen.Toralf Ueland, Nærbø (brigade 502), Ola Gudmestad, Nærbø (brigade 512), Arthur Arvid Bernssen, Nærbø (brigade 521) og Amund Stein Midttun (post mortem) har alle fått Forsvarets medalje for internasjonale operasjoner samt Tysklandsbrigadens veteranforbunds medalje. Den første medaljen vert delt ut av forsvarssjefen, admiral Haakon Bruun-Hansen, medan den siste er det Tysklandsbrigadeforeningen som deler ut.

Alle desse fire tenestegjorde i Tysklandsbrigaden, som var det norske bidraget til den allierte okkupasjonsstyrken i Tyskland etter krigen. Brigaden bestod av ein kontingent frå Hæren som hadde teneste på seks månader ved ulike garnisonar i Tyskland.

Totalt hadde meir enn 50.000 norske soldatar teneste i Tyskland mellom januar 1947 og april 1953. Dessverre vart dei ikkje heidra for innsatsen den gongen, og det vart heller ikkje laga skikkelege register over dei som tente i Tysklandsbrigaden. Forsvaret er dermed avhengige av tips om veteranar som ikkje har fått medalje ennå.

Hå-ordførar Jonas Skrettingland og Rolf Espen Landor-Larsen, kaptein og områdesjef i Heimevernet, nyttar høvet til å takka alle fire for innsatsen og gratulerer med tildelingane.