Hå kommune treng nye vegnamn fordi området på Skoran i Sirevåg er planlagd utbygd. Det er derfor behov for nye adresser.
Me ønsker innspel frå innbyggjarane i Hå før me bestemmer dei endelege namna.
Forslag til namn er:
Kjeldebakken og Breiaskaret
Desse namna er valde fordi det er lokale namn som har vore i bruk på staden tidlegare.

Har du andre forslag, merknader eller spørsmål?
Send dei til: teknisk@ha.kommune.no innan 25.06.2025.