Hjelp med å bekjempa ugraset Landøyda

Hå kommune oppfordrar deg til å vera merksam på den giftige planta, og å fjerna den frå eigedommen din og andre nærområde. 

Den giftige, gule  planten landøyda - Klikk for stort bilete

 

Landøyda er ei giftig plante som spreiar seg rundt i fylket. Den blømer no på denne tida, og ei plante kan ha opp til 2000 frø. Frøa frå landøyda er spirevillige på jordoverflata, og kan ligge spiredyktige i jorda i lengre enn 10 år. Planta blømer i juli-september. Første året set den ein bladrosett, medan frøstenglane kjem år to.

Spreier seg raskt

Kvart år brukar gardbrukarane mange dagsverk på å halde planta vekke frå beite. Men likevel spreiar den seg langs vegar og andre udyrka områder, også i bebygde områder. Dersom dyra får den i seg, kan den gje leverskader og død.

Bli med og fjerna

Hå kommune oppfordrar deg til å vera merksam på planta og å fjerna den frå eigedommen og andre nærområde. På denne tida hjelper ikkje kjemisk bekjemping (sprøyting). Nå må planta dras opp og leggast i restavfall for å bli kvitt frøa. Bruk gjerne hanskar.

Privatpersonar kan også levera gratis i gjennomsiktige restavfallssekker til Pytten miljøstasjon i Bøvegen 16, Nærbø.