Viktig melding

Lukk meldinga

Her kan du sjå og høyra den splitter nye kommunefilmen – av og med tilsette i Hå kommune

Kva har onkelen til TIX, søstera til Hilde Selvikvåg og broren til Skambankt-bassist Tollak Friestad til felles? Jo, dei jobbar i Hå kommune og er stjerner i den nye musikkvideoen «Kommunen og dei».

– Eg har aldri før blitt spurt om å synga i studio, og kjem nok aldri til å bli spurt om noko slikt igjen. Så då må eg vel berre seia ja, då vel?

Alf Henning Haukeland ler godt når han høyrer spørsmålet og utfordringa. Men landbrukskonsulenten er sporty og stiller opp. Berre nokre timar seinare er han på plass i Storyteller Recording sitt studio i Verdalen for å synga nokre linjer på «Kommunen og dei», Hå kommune sitt svar på «We Are The World» (1985) og «Ylvis for Averøya - Sammen så finner vi frem» (2011).

Alf Henning er altså onkelen til Andreas Haukeland, eller TIX om du vil. Englevengene frå Melodi Grand Prix 2021 er ikkje med denne gongen, men i staden har Alf Henning med seg ei rekke kollegaer frå ulike avdelingar i Hå kommune – mellom anna kommunikasjons- og innovasjonsrådgivar Trine Selvikvåg og idrettskonsulent Lars Erling Friestad. Som nå altså endeleg har gått i studio, slik søskena deira har gjort ganske mange gonger allereie.

– Eg har alltid blitt spurt om eg òg syng, slik som Hilde. Nå kan eg endeleg seia at «ja, eg syng faktisk solo på ein song. Du finn songen på YouTube», gliser Trine.

«Kommunen og dei» er laga av kulturskulerektor Ragnvald Wernøe. Songen er ei gåve til alle tilsette i Hå kommune og vart lansert på Kommunedagen 2021, som ein takk for innsatsen gjennom pandemien.

Du kan sjå og høyra songen i videovinduet øvst i denne artikkelen. I tillegg finn du songen på YouTube og Facebook – og etter kvart vert singelen tilgjengeleg på både Spotify og iTunes.

Hå kommune – me løfter (og syng) i lag!

All tekst i «Kommunen og dei» er spesialtilpassa til solistane sine dialektar. Her ser me ingeniør Steinar Knutsvik i aksjon i studio. - Klikk for stort bileteAll tekst i «Kommunen og dei» er spesialtilpassa til solistane sine dialektar. Her ser me ingeniør Steinar Knutsvik i aksjon i studio.

Ragnvald Wernøe (t.v.) har vore høgt og lågt den siste månaden. Han er både komponist, tekstforfattar, instruktør og musikar på «Kommunen og dei» – og syng meir enn gjerne med når det er behov for det. - Klikk for stort bileteRagnvald Wernøe (t.v.) har vore høgt og lågt den siste månaden. Han er både komponist, tekstforfattar, instruktør og musikar på «Kommunen og dei» – og syng meir enn gjerne med når det er behov for det.

Alf Henning Haukeland jobbar i landbruksavdelinga i Hå kommune. Og er onkelen til TIX. - Klikk for stort bileteAlf Henning Haukeland jobbar i landbruksavdelinga i Hå kommune. Og er onkelen til TIX.

Ordførar Jonas Skrettingland måtte ha med ordførarkjede i studio. På bildet ser me òg produsent Jørgen Manke og fotograf Jan Arne Wold. - Klikk for stort bileteOrdførar Jonas Skrettingland måtte ha med ordførarkjede i studio. På bildet ser me òg produsent Jørgen Manke og fotograf Jan Arne Wold.

Kva gjer ein når det er for mykje vind til å filma med drone? Ringer Hå brannvesen, så klart! Einar Tunheim (t.v.) og Roger Holen fekk fotografen trygt til topps. - Klikk for stort bileteKva gjer ein når det er for mykje vind til å filma med drone? Ringer Hå brannvesen, så klart! Einar Tunheim (t.v.) og Roger Holen fekk fotografen trygt til topps.

Ein småpompøs sluttscene høyrer med. Ragnvald Wernøe instruerer med heile seg, og skodespelarane/songarane gjer som dei får beskjed om. - Klikk for stort bileteEin småpompøs sluttscene høyrer med. Ragnvald Wernøe instruerer med heile seg, og skodespelarane/songarane gjer som dei får beskjed om.