Viktig melding

Lukk meldinga

Her er Ivar (28) på jobb som gitarspelande helserekrutt

Ivar Fuglestad Serigstad er glad for at han fekk plass i prosjektet «Menn i helse».

– Det er veldig gøy å spela gitar til allsongen. Dei eldre likar å synga, og det er så fint å høyra at dei hugsar songtekstane godt, seier Ivar Fuglestad Serigstad.

Den blide 28-åringen frå Bjerkreim jobba tidlegare som tømrar. Denne våren har han pendla på Buevegen til og frå Varhaug, der Ivar er helserekrutt på Klokkarhagen sjukeheim.

– Serigstad-namnet kjem forresten frå Bryne. Far min er derfrå, forklarer han.

Fagbrev på to og eit halvt år

Ivar, som hadde vore arbeidsledig ei stund, sa til NAV-rettleiaren at han gjerne ville prøva seg i eit sosialt yrke.

– Då sa rettleiaren at det er eit prosjekt som du kan vera med i, som heiter «Menn i helse», fortel han.

Prosjektet er eit samarbeid mellom kommune, NAV, fylkeskommune, Fylkesmannen, KS og Helsedirektoratet. Målgruppa er menn mellom 25 og 55 år.

Ivar deltok på eit informasjonsmøte, melde seg på og fekk plass. Og nå er han altså i praksis på Varhaug. Først skal han vera helserekrutt i ti veker, så ventar sommarjobb på Klokkarhagen.

Dei neste åra blir det veksling mellom skule og praksis, og i løpet av to og eit halvt år er den tidlegare tømraren ferdig utdanna som helsefagarbeidar – saman med 38 andre menn i 2020-kullet i Rogaland.

I Hå kommune er det for tida fire helserekruttar. Dei tre andre er på Hå sjukeheim på Nærbø.

– Eg har fått ein god start

Ivar angrar absolutt ikkje på vegvalet, og opplever allereie at han har hamna på rett plass.

– Eg trivst veldig godt. Etter første veka kom eg heim med eit smil om munnen, for eg tenkte på kor viktig det er å hjelpa menneske som ikkje er i stand til å klara seg sjølv. Det er noko heilt spesielt med det. Og kollegaane mine på Klokkarhagen tok utruleg godt imot meg. Dei følger opp og bryr seg om meg, og tek vare på meg. Eg har fått ein god start, slår han fast.

Arbeidskvardagen går mellom anna ut på at 28-åringen hjelper til med stell for dei som treng det. I tillegg er miljøterapi viktig, altså at ein får aktivisert pasientane og har det kjekt saman med dei.

– Eg er jo sosial og har musikken med meg. Det fungerte ikkje heilt for meg som tømrar, eg kunne ikkje ha jobba med det resten av livet. Men nå føler eg at eg har kome inn i den retninga som passar best for meg, smiler Ivar Fuglestad Serigstad.

Les meir om «Menn i helse»