Har du hus, leilegheit eller hybel tilgjengeleg for flyktningar?

Illustrasjonsbilde av hand med ukrainske fargar - Klikk for stort bilete

IMDi har oppfordra Hå til å ta imot 170 flyktninger i 2023. 

Hå kommune har behov for bustader til dei ukrainske flyktningane som skal busettast i kommunen, og oppmodar alle som har hus, leilegheit eller hybel tilgjengeleg om å melda frå om det via dette skjemaet:
 

Utleige av bustadar til flyktningar


Ved spørsmål om busetting av flyktningar, ta kontakt med Flyktningenheten i Hå kommune på 479 78 810.

Dei ukrainske flyktningane har fått innvilga kollektiv midlertidig beskyttelse, og har då krav på mellom anna skule, barnehage og helsetenester.  
 
Det vil vera behov for mellom anna fleire bustadar og frivillige, og den enkelte kommune vil informera meir om dette på nettsidene sine. Det same gjeld om det vert behov for fleire tilsette i mellom anna skule og barnehage. 

Det er kommunestyra i dei fire kommunane som gjer vedtak om kor mange flyktningar skal busettast i 2023.

For Hå kommune vil busetting av 170 flyktningar koma på toppen av dei 250 som held til på Hå mottak på Nærland i regi av UDI. 

Hå kommune har behov for bustader til dei ukrainske flyktningane som skal busettast i kommunen, og oppmodar alle som har hus, leilegheit eller hybel tilgjengeleg om å melda frå om det via dette skjemaet:

Utleige av bustadar til flyktningar