Gjennom byggeskikkprisen ønsker Hå kommune å framheva byggverk eller bygde omgjevnader som bidreg til å heva, fornya og utvikla den allmenne byggeskikken på Jæren.
Prisen kan gå til nybygg, til-/påbygg, ombygging eller parkar oa.
Kjenner du til noko flott som er bygd dei siste ti åra, som fortener prisen? Alle kan foreslå kandidatar, via dette skjemaet. Frist: 1.1.2025.
Tidlegare vinnarar:
- 2023: Offentleg bygg Ogna skule. Byggherre: Hå kommune. Arkitekt: L2 Arkitekter.
- 2021: Landbruksbygg Matningsdal 70. Byggherre: Johan Tjåland (har også teikna bygget).
- 2019: Einebustad Håvegen 330. Byggherre: Tone og Arne Torland. Arkitekt: Arkitektkontoret IHT AS.
- 2017: Hytteprosjektet "Himmelrommet" på Ogna. Byggherre: Henrik og Kaj Stokkeland. Arkitekt: Torgeir Norheim.
- 2015: Bustaden "Patio", Skoratuå 20, Sirevåg. Byggherre: Maibel Edland Togstad og Roy Kenneth Skretting. Arkitekt: SAARK arkitekter.
- 2013: Bustad, Langgata 1, Vigrestad. Byggherre: Ingebjørg og Reidar Waldeland. Arkitekt: Trodahl arkitekter.
- 2011: Industribygg i Stokkalandsmarka. Byggherre: IKM Haaland AS. Arkitekt: Sjo Fasting Arkitekter.