Viktig melding

Lukk meldinga

Har du eit beredskapslager i heimen?

Ordførar Jonas Skrettingland og kommunedirektør Rune Kloster Tvedt med knekkebrød, makrell i tomat og havregryn. Foto - Klikk for stort bilete

 Ordførar Jonas og kommunedirektør Rune har funne fram knekkebrød, havregryn og hermetikk. Det er nokre av tinga som det kanskje kan vera lurt å ha litt ekstra av. Berre sånn i tilfelle.

Denne veka er det Eigenberedskapsveka i Noreg, og derfor vil me retta litt ekstra fokus på kva du kan og bør gjera. Me lever i eit trygt og stabilt samfunn, der me er vande med at det meste fungerer som det skal. Men livet i Noreg er heilt avhengig av straum, vatn og internett – og nettopp der er me mest sårbare. 

Uvêr, naturhendingar, sabotasje, tekniske problem, terror eller krigshandlingar kan føra til at du mister til dømes straum eller vatn, og at det kan bli vanskelegare å få tak i nødvendige varer. Derfor bør me alle ta nokre enkle grep heime, slik at me kan ta vare på oss sjølve og dei rundt oss i minst tre døgn. På den måten er me alle ein del av beredskapen i landet vårt.

Les meir om eigenberedskap og få gode tips til kva du bør ha i hus på sikkerhverdag.no