Hå + ryddedugnad = stort engasjement

Det blir fort stort når håbuen blir spurt om å vera med på dugnad. Før helga tok slaktar Reidar Skretting kontakt med Hå kommune, for å få heile Hå til å vera med på «Hele Norge rydder». Få dagar seinare var kommunen klar til dyst.

Torsdag er totalt 17 barnehagar og skular i Hå ute og ryddar. Det betyr at nesten 2000 elevar og barnehagebarn plukkar søppel torsdag føremiddag. I tillegg har nokre skular og barnehagar hatt ein eigen ryddeaksjon tidlegare.

Dei fleste ryddar i nærmiljøet, men nokre ryddar langs strendene.

- Me skal til Obrestad hamn. Me skal plukka søppel sånn at naturen ikkje skal dø, seier Elvira Lerbrekk og kryp inn i ein busk. Der finn ho ein stor plastpose som ho tek med seg i søppelsekken sin.

- Det er viktig at me ryddar både for å halda det reint rundt oss, men også for å skapa gode haldningar. Når barnehagar og skular er med på å rydda, ser dei at det er viktig å ikkje kasta søppel i naturen, seier ordførar Jonas Skrettingland.

Han plukkar søppel rundt stasjonen på Varhaug saman med skuleelevar og medlemmar i ryddegjengen til bedriftsforeininga på Varhaug.

- Ryddegjengen til bedriftsforeininga gjer ein kjempejobb med å halda Varhaug reint til vanleg, så det er eigentleg ganske fint her. Men nå etter denne ryddedugnaden, skin det verkeleg her, seier ordføraren fornøgd.