Viktig melding

Lukk meldinga

Hå kommune søker etter ny digitaliseringssjef

I oktober går digitaliseringssjefen vår av med pensjon etter ei spanande digital reise dei siste åra. Nå startar jakta på å finna den som skal styra skuta vidare. 

Å vera digitaliseringssjef i Hå betyr å vera pådrivar for å finna og gjennomføra prosjekt der me kan få til nye tenester og nye løysingar for både innbyggarar og dei som jobbar i kommunen. Digitaliseringssjefen vil jobba vidare med framtidsløftet som handlar om forbetring, forenkling og fornying. Alt handlar om å gjera ting smartare og betre.

Tre kjappe med Anne Berit Berge Ims:

 

 - Korleis har den digitale reisa til Hå kommune vore sidan du starta som rådmann/kommunedirektør?

- Den har vore enorm. Då eg starta i 2014 blei sidetal i budsjettdokumenta stempla for hand og det første som møtte meg i inngangen på rådhuset var byggesaksarkivet vårt. Nå er budsjettdokumenta digitale i ei skybasert teneste. Byggesaksarkivet vårt er også digitalisert og finst ikkje lenger fysisk på rådhuset. Nå går det til og med an å bestilla time hjå ein byggesaksbehandlar på Teams. I 2014 måtte folk til rådhuset for å kjøpa merker til å klistra på ekstra søppelsekkar. Nå kan dei fiksa dette heime via Vipps. 

- Kor går den digitale reisa vidare?

- Digitalisering handlar meir om menneske, prosessar og endringsleiing enn teknologien sjølv. Me må forenkla, fornya og forbetra oss for å møta utfordringane i framtida. Digitalisering handlar om samarbeid for å finna gode løysingar. Det gjeld internt og eksternt. 

- Kva ser de etter når du leiter etter ny digitaliseringssjef?

- Me ser etter ein som vil skapa ein enklare kvardag for innbyggarane våre og dei som jobbar i kommunen. Hå kommune treng ein digitaliseringssjef som vil vera pådrivar for samhandling og innovasjon. Digitaliseringssjefen skal bidra til å utforma digitale strategiar og tenester til det beste for innbyggarane. Me er på jakt etter ein person som er serviceinnstilt, er god med folk og vil utvikla kommunen. Me ser etter ein person som legg konkrete planar for gjennomføring av digitale strategiar ved å løfta i lag med leiarar og medarbeidarar i Hå kommune og eksterne samarbeidspartnarar.

Her finn du stillingsannonsen