- Det handlar om å vera i aktivitet og å vera i lag, seier ordførar Jonas Skrettingland. For anledninga har han bytta ut ordførarkjedet med ei flott kongekrone for å invitera kommunen sine innbyggarar med på å gå Kongevegen og fleire andre flotte turar i Hå.
- Eg trur dette blir ein god familieaktivitet i sommar. Eg skal ta med meg barnebarna, seier han.
Ti turar
Turkortet har ti turar og ti tips til aktivitetar. Turane er spreidde rundt i kommunen og alle som går tre eller fleire turar får medalje. Fleire avdelingar og aktørar i kommunen samarbeidar om konseptet. Du kan henta turkort og få medalje på Hå gamle prestegard, Vitengarden, Hå rådhus og biblioteka i Hå. I tillegg går det an å få tak i korta på Vigrestad servicesenter.
- Det er ein god måte å oppdaga og utforska nærmiljøet på. Du treng ikkje gå langt for å ha det gildt på tur, seier Helene Østby Larsen, avdelingsdirektør for Vitengarden.
Hei Hå
Turkortet heiter "Hei Hå" og tanken bak namnet er at turkortet er ein fin måte å bli kjent med kommunen på.
- Hå er ein fantastisk kommune å gå på tur i. Det er så variert terreng her og mykje å sjå og gjera. Me håpar at kortet vil inspirera både innbyggarar i Hå og i nabokommunane til å seia hei til Hå. I tillegg passar det godt å synga "Hei Hå, hei Hå! Nå skal me ut og gå", på tur i lag med barna, seier innovasjonsrådgivar Trine Selvikvåg.
Her finn du kart og meir info om turane
Fleire turprosjekt
Turkortet er eit supplement til andre turopplegg som for eksempel TellTur, friluftsråda sin elektroniske postkassetrim.
- Erfaring viser at det å ha eit mål å gå til med premie i andre enden motiverer, seier Lars Erling Friestad, som er konsulent for friluftsliv i kommunen.
- Turkortet er spesielt retta mot barn. Me vil inspirera til leik og har tru på at det blir motiverande med sitt eige turkort og å få medalje. Me ser at "Ti turar i Time" er eit populært tilbod, og har fått gode råd på vegen derifrå når me har utvikla dette, seier innovasjonssjef Hilde Eidsaa Bjorland.
Folkehelse
Hå kommune er ein del av Rogaland fylkeskommune sitt partnarskap for folkehelse. Turkortet er finansiert av folkehelsemidler fordi det kan bidra til å utjamna sosiale ulikheiter og å auka barn si deltaking i nærmiljøet.
- Eg trur turkortet vil gjera det enklare for barnefamiliar å koma seg ut i naturen. Terskelen blir fort lågare når turane er så tilgjengelege. "Hei Hå" er godt tilrettelagt for bevegelsesglede og naturopplevingar for store og små. Og så passar det godt som ein aktivitet i sommarferien seier folkehelsekonsulent Ingrid Edland-Næsse.
Eit av oppdraga på turkortet er å laga eller ta bilde av ein H i naturen. Det går an å laga med alt frå blomar og pinnar til å stilla opp turfølget som ein H.