Viktig melding

Lukk meldinga

Hå kommune har fått ny kommunedirektør

Anne Berit Berge Ims blei i dag tilsett av eit einstemmig kommunestyre i Hå kommune.

Kvinne  - Klikk for stort bilete

-Det er ei stor glede at Anne Berit Berge Ims har takka ja til stillinga som kommunedirektør i Hå. Eit samla tilsettingsutval innstilte på å tilby ho direktørjobben. Det er eit godt skussmål for kommunen vår at ein toppleiar som Berge Ims, vender tilbake etter å ha hausta erfaringar andre stader. Me ser fram til eit godt samarbeid, seier Andreas Bjorland, ordførar i Hå kommune.

Ordføraren er godt fornøgd med rekrutteringsprosessen og valet.

-Det var gledeleg at me fekk mange gode kandidatar. Me har vore gjennom eit langt og grundig rekrutteringsarbeid der me har nytta oss av Bjørnson Organisasjonspsykologane til testing og intervju, og rekrutteringsfirmaet Assessit til utveljing av kandidatar. Tilsettingsutvalet har arbeidd godt i lag, og dei hovudtillitsvalde har vore viktige medspelarar gjennom heile prosessen. Dei resterande gruppeleiarane har dessutan blitt involvert i alle trinn, og på den måten har alt vore godt forankra i kommunestyret. Me sto igjen med tre gode kandidatar som var gjennom to grundige intervjurundar. På bakgrunn av testar, intervju og presentasjonar gjekk utvalet einstemmig inn for Anne Berit Berge Ims, seier Bjorland.

 Anne Berit Berge Ims kjem frå stillinga som kommunedirektør i Randaberg kommune.

 -Det var uventa å bli kontakta om kommunedirektørstillinga i Hå kommune. Og det er rett og slett eit privilegium å få spørsmål om eg kunne vurdera å søka meg tilbake til den jobben eg sjølv har sagt opp. Derfor starta prosessen som har gjort at eg har gått mange rundar med meg sjølv i vurderingane av vegen vidare. Eg har alt i dag ei spennande stilling som kommunedirektør i Randaberg, i ein viktig region med Stavanger, Sandnes og Sola, som eg har trivest godt i og som har gitt meg mange gode og nye erfaringar.

Det er likevel noko med Hå kommune. Det å få moglegheita til å vera med og utvikla denne flotte kommunen med dei 20.000 innbyggarane inn i det neste ti-året, er ei drivkraft for meg. Det er derfor med stor respekt eg nå har takka ja til stillinga som kommunedirektør i Hå. Eg gler meg til å løfta i lag med alle dei flotte folka i Hå, og at me kan stå i lag om alt det gode arbeidet tilsette i kommunen gjer for innbyggarane. Det er godt eg har tatt vare på skjørtet med Hå kommune sin logo, seier Berge Ims.

 Berge Ims tiltrer stillinga 1. september.