Hå er blitt Av-og-til-kommune

Nyleg markerte Hå kommune at den er blitt del av den landsdekkande alkovett-organisasjonen Av-og-til. 

Ordførar Andreas Bjorland og generalsekretær Ragnhild Kaski (Av-og-til) signerte samarbeidsavtale for fire år.

66 norske kommunar er med i alkovettorganisasjonen Av-og-til. Nå er Hå kommune blitt ein av dei. 

-Det skal vera godt å veksa opp i Hå kommune. Førebyggande arbeid og alkovett, slik Av-og-til driv, er viktig i den samanheng, sa ordførar Andreas Bjorland.

Målsettinga til organisasjonen er å bidra til å redusera dei negative følgene av alkoholbruk i samfunnet, og gjera kvardagen tryggare for alle. Dei fem prioriterte områda er folkehelse, barn, idrett, ungdom og alkohol og båt- og sjøliv.

Generalsekretær i Av-og-til, Ragnhild Kaski, var glad for å få Hå kommune med på laget. Ho viste til statistikk som seier at 14.000 køyreturar blir gjort i alkoholrus i Noreg kvar dag, og at alkoholbruk har ein kostnad:

-Alkoholforbruket kostar landet vårt 77 milliardar kroner i tapt helse og livskvalitet. Det handlar både om sjukefråver, redusert produktivitet og kostnader til helse- og omsorgstenesta. 

Hå kommune har oppretta ei styringsgruppe med representantar frå bygdeungdomslaget, idrettsrådet, næringslivet, folkevalde og tilsette i oppvekst og helse. Det er folkehelsekoordinator Ingrid Edland-Næsse som leier arbeidet.

Ordførar Andreas Bjorland markerer avtale inngått med generalsekretær i Av-og-til, Ragnhild Kaski.