Kurset er for symjedyktige barn i alderen 10-12 år saman med forelder/føresett eller annan vaksenperson.
Me startar med foredrag inne på Friluftshuset klokka 17.30. Instruktør frå Delfinen svømmeskole fortel om det fantastiske havet og alt det flotte som lever i havet. Du får også læra om straumar, bølger og korleis ein reddar seg sjølv og andre dersom uhellet er ute.
Etter foredraget inne, fortsett kurset på stranda og i bølgene i havet. Barna får låna våtdrakter, sokkar og hanskar og får kyndig hjelp av medarbeidarar i Delfinen svømmeskole. Alle vaksne kan også få låna våtdrakt og vera med uti.
- Arrangementet er gratis.
- Påmelding er påkravd. Påmeldingsfrist: 3. juni.
- Gratis kaffi, te og saft. Medbrakt nistepakke er lov.
Dette er kjekt og lærerikt. Velkommen!