Gråtassen barnehage blir Pilevegen barnehage

Gråtassen barnehage har fått nytt namn. Det nye namnet er Pilevegen barnehage.

-Me fekk totalt 22 ulike namneforslag innan fristen. Takk for stort engasjement og kreativitet, seier barnehagesjef i Hå kommune, Rannveig Eriksen.

17 personar tok seg tid til å koma med godt grunngjevne forslag. Namnekomiteen var kommunalsjef Waldemar Pettersen, styrar Åsa Bratland Bø, kommunikasjons- og innovasjonssjef Hilde Eidsaa Bjorland og barnehagesjef Rannveig Eriksen. 

Namn og plassering heng saman

Komiteen var oppteken av at namnet skulle gi informasjon om barnehagen si plassering, samtidig som det var lett å forstå. Fleire av forslaga handla om plassering. Fleire hadde foreslått «Pil og Bue barnehage» sidan barnehagen ligg i krysset mellom Pilevegen og Buevegen. Pilestredet barnehage vart også foreslått med tilvising til Oslos lengste gate. Komiteen landa på ein variant som ivaretek fleire av variasjonane rundt plassering. 

Falk 4 år er vinnar

Vinnaren av konkurransen og eit gåvekort på 2000 kr, vart Falk 4 år og resten av familien Sør-Reime. Dei vart trekt ut blant forslagsstillarane som hadde foreslått namn knytt til Pilevegen. 

Mor og barn. foto - Klikk for stort bilete