Viktig melding

Lukk meldinga

God økonomistyring i Hå

Den ureviderte rekneskapen for 2017 viser eit overskott på 30 millionar kroner.

 

Netto driftsresultat er 21 millionar kroner. Dette er 1,5 prosent av driftsinntektene, og betre enn venta i andre tertial. Årsakene til dette er høgare skatteinngang enn venta i Noreg, meir inntekter frå refusjonar, støtte og eigenbetalingar, og ikkje minst god kostnadsstyring i tenesteområda. Alle områda har halde seg innanfor godkjent budsjett.

 

Nedbetaling av gjeld

Hovudgrunnen til at netto driftsresultat er lågare enn tidlegare år er fordi vi brukte overskottet frå 2016 til å betale ned på lån. Lånegjelda er 1,13 milliard kroner. Denne auka mindre enn planlagt på grunn av den ekstra nedbetalinga.

 

Skatteinngang

Skatteinngangen i Hå var 84 % av landsgjennomsnittet. Samla skatt, rammetilskott og skatteutjamning var 955 millionar kroner av totale driftsinntekter på 1 425 millionar kroner.

 

Disposisjonsfond

Disposisjonsfond auka med 5 millionar. Desse er nå på 190 mill kroner som er 13,3 prosent av driftsinntektene (utan overskottet frå 2017). Investeringar Samla investeringar i 2017 var 393 millionar kroner. Over halvparten av dette går til utbyggingsområder, vegar og flomtiltak. Ny Ogna skule blei gjort ferdig i 2017, og teke i bruk av elevar og lærarar 3. januar 2018.

 

Prosessen vidare

Årsmelding og årsrekneskap 2017 er planlagt behandla i alle politiske utval og i formannskapet i andre halvdel av april og i kommunestyret 3. mai 2018.

 

Takk

Rådmannen vil takke alle leiarar, medarbeidarar og tillitsvalde for godt samarbeid om eit godt økonomisk resultat i 2017.