Fugleinfluensa av denne typen er smittsom mellom fuglar, men er ikkje farleg for menneske. Dersom du har vore på tur i parken i løpet av dei siste dagane, treng du ikkje vera bekymra:
- Risiko for smitte til menneske er vurdert av Folkehelseinstituttet som svært låg, seier Ole-Herman Tronerud, seksjonssjef dyrehelse i Mattilsynet.
Viktig at fuglane får ro
For å beskytta dei ville fuglane som likar å opphalda seg i parken, har Mattilsynet pålagt Hå kommune å stenga Nærbøparken for publikum. Parken i hjarte av Nærbø, også kalt fugleparken, er eit populært turområde for folk både i og utanfor kommunen. Hermund Haugland, leiar for teknisk drift i Hå kommune, har forståing for at mange vil sakna sjansen for å ta turen hit:
- Det er fleire sjuke fuglar i parken, og det er viktig at desse får ro og kvile.
Hå kommune er i tett dialog med Mattilsynet, som følgjer opp hendinga.