Frivilligprisen 2024

Gratulerer til Roy Kenneth Håland med Hå kommune sin frivilligpris for 2024!

Bilde av Roy Kenneth Håland. Foto - Klikk for stort bilete

Roy Kenneth Håland, kjent som «Royus» blant venner og kollegaer, får prisen for innsatsen han legg ned for den frivillige redningstenesta og engasjementet han har i Norsk Folkehjelp Hå.

Royus har vore ein berebjelke i Norsk Folkehjelp Hå sidan laget vart starta i 2017. Han brukar store delar av tida si på å halda laget i drift, både som sanitetsleiar og som ein viktig støttespelar i ungdomsgruppa som samlast i lokala på Nærbø kvar måndag. Lokala der vart ein realitet mykje takka vera pågangsmotet og innsatsen til Roy Kenneth.

Royus var under opplæring som ambulansearbeidar då han vart skadd under eit oppdrag. Skaden førte til at han vart ufør, og sjansane for at han skulle kunna gå igjen, var små. Likevel kjempa han seg tilbake og er i dag ei drivkraft i den frivillige redningstenesta.

Han deltar på sanitetsvakter, stiller opp på styremøte og bistår andre lag i regionen når dei treng ekstra mannskap. Royus er også svært aktiv i søk og redningsoppdrag, og innsatsen hans blir sett stor pris på både i Hå og i nabokommunane.

Roy Kenneth Håland har sjølv uttalt at arbeidet i Norsk Folkehjelp er «jobben» hans og det som gir han meining i kvardagen. Kvart år legg han ned tusenvis av timar i arbeidet med sanitetsvakter og redningsaksjonar. Pågangsmotet, medkjensla og evna til å stilla opp for andre har gjort han til ein verdig vinnar av Frivilligprisen.

Juryen har bestått av Gry Kjersti Sirevåg, Hallfrid Kristoffersen, Jan Harald Forsmo og Børge Hognestad.