Viktig melding

Lukk meldinga

Frivilligprisen 2023

Gratulerer til Laurits Stokkeland med Hå kommune sin frivilligpris for 2023.

Portrettbilde av Laurits Stokkeland - Klikk for stort bilete

Laurits Stokkeland får prisen fordi han er ein raus og inkluderande person som brukar mykje tid på frivillig arbeid på Brusand. Det er først og fremst arbeidet i og rundt Brusand bedehus som har fått glede av hans iver og store kapasitet. Han har vore leiar for bedehuset i mange år, og har vore ein av dei viktigaste pådrivarane for julemessa i over 30 år.

Det som likevel er mest imponerande er Brusand barnelag. Her er han sjef for både dei vaksne leiarane og alle barna. Annankvar måndag samlast om lag 100 barn og unge til song, andakt, aktivitetar og mat. Laurits er «limet» og det er svært sjeldan at han ikkje er på plass.

Laurits gjekk sjølv på barnelaget som barn og haldt fram som leiar for eigne barn. Nå engasjerer han seg for barnebarna  og alle dei andre som kjem. Dette arbeidet har vore viktig for han i 50 år!

Han ser barna, snakkar med dei og bryr seg om alle.

Han tek også med seg ungdommane i barnelaget med seg heim til garden sin og stiller plass og utstyr til disposisjon om dei for eksempel vel firhjular som aktivitet på samlingane.

Laurits er raus og har stor arbeidskapasitet og omsorg.

Juryen har bestått av to representantar frå frivilligrådet, Gunn Mæland, Børge Hognestad, Håvard Skrettingland og politikar Jon Harald Forsmo.