Hå kommune har lågast skatteinngang i Rogaland i kroner per innbyggar i heile 2024, målt opp mot gjennomsnittet i Norge. Det er derfor heilt nødvendig at me har god økonomistyring.
Skatteutjamning betra resultatet
I 2024 har me lagt bak oss ei skatteutvikling som har vore lågare enn styresmaktene rekna med. Derfor fekk kommunane heldigvis ei ekstra løyving i november, som betra noko på resultatet. Me enda til slutt opp med eit nettodriftsresultat på 3,8 %, som er lågare enn på mange år, men høgare enn me frykta ved andre tertial (pr 01.09.24). Me har også fått ein del andre ekstrainntekter til spesielle føremål, tilskot og refusjonar.
Tenesteområdene har god kostnadsstyring, og hadde eit samla mindreforbruk på 0,9 prosent. Dette utgjer 13,1 millionar kroner av ei total netto budsjettramme på 1,46 milliardar kroner.
Investeringar og lånegjeld
Hå kommune sine brutto investeringsutgifter var på 256 millionar kr i 2024, det er same nivå som i 2023. I 2024 er 69 prosent av investeringane finansiert ved lån. Kommunen si ordinære lånegjeld var på 1,229 milliardar kroner ved utgangen av 2024.
Disposisjonsfondet utgjer 456,6 millionar kroner
Samla disposisjonsfond ved utgangen av 2024 utgjer 456,6 millionar kr,oner, noko som tilsvarer 22,3 prosent av brutto driftsinntekter.
Dei foreløpige rekneskapstala for 2024 sett opp mot måltala i kommuneplanen ser slik ut:

Vidare prosess
Årsmelding og årsrekneskap for 2024 er planlagt behandla i formannskapet 13. mai, og i kommunestyret 22. mai 2025.
Takk til leiarar og medarbeidarar
- Eg vil takka for den gode innsatsen frå leiarar og medarbeidarar, godt samarbeid med dei tillitsvalde og ansvarleg styring av dei folkevalde. Dette gjer at me saman kan halda på den gode økonomistyringa, seier kommunedirektør Anne Berit Berge Ims.
