Viktig melding

Lukk meldinga

Folkehelsepris til sommarferietilbodet Barn/Ung i juli

Barn i juli og Ung i juli fekk i dag Folkehelseprisen 2024 i Rogaland.

Folkehelsepris delt ut til Hå kulturskule - Klikk for stort bileteBarn/Ung i juli fekk Folkehelseprisen 2024 i Rogaland. Frå venstre Sirwan Saadun i Alle med i Hå, ordførar Andreas Bjorland, prosjektleiar Thilde Skretting, leiar Hå kulturskule Ragnvald Wernøe, styreleiar Hanne Eik Nasjonalforeningen for Folkehelse Rogaland og leiar for ungdomsklubbane i Hå, Anette Jensen Gimre.

Nasjonalforeningen for folkehelsen deler kvart år ut ein folkehelsepris i kvart fylke, og i år stakk det populære sommarferietilbodet i Hå av med gjev førstepremie.

I kriteria til folkehelseprisen står det at prisen bør gis til nokon eller noko som:

  • Bidrar til sosial støtte, nettverk og aktivitet som skaper trivsel og livskvalitet
  • Bidrar til gode nærmiljø
  • Bidrar til inkludering og bekjempelse av utenforskap
  • Skaper generasjonsmøte og aktivitetar på tvers av generasjonar
  • Har hatt stor betydning for folkehelsa og sosiale forhold i nærmiljøet

Viktig folkehelsearbeid

Ifølge styreleiar Hanne Eik som delte ut prisen, oppfyller Barn/Ung i juli alle desse kritieria.

- Me er både imponerte og stolte over arbeidet som blir drive. Dette er eit viktig folkehelsearbeid, seier Eik.

Leiar for Hå kulturskule, Ragnvald Wernøe mottok prisen, og nytta sjansen til å takka det breie laget som står rundt og gjer sommarferietilbodet mogleg.

10.000 besøkande 

Ung i juli blei starta av Hå kulturskule i 2019. Dei fekk med seg ungdomsklubbane i Hå for å gjennomføra tiltaket. Bakgrunnen var at dei såg eit behov for eit tilbod om sommaren; Eit tilbod utan krav til påmelding og med plass til alle. Sommarferien er lang for veldig mange barn og unge. I løpet av dei fem somrane har tilbodet hatt innom 10.000 barn og unge.

Ordførar Andreas Bjorland roser tilbodet:

- Det å vera i lag, er livsviktig. Her er det mange engasjerte tilsette og frivillige som brenn for fellesskapet og for barn og unge. Dette heier me veldig på, seier Bjorland.