Viktig melding

Lukk meldinga

Folkefest og NRK Sommertoget på Brusand

Torsdag 10.august kjem NRK Sommertoget til Brusand og det blir folkefest med mykje liv og røre.

Parkering og veginfo

I samband med folkefesten vil Bruvegen vera stengt torsdag 10. august i tidsrommet 12:00-22:00 for å bruke området til buer og stands. Parkering vert skilta, og parkeringsområdet blir nordvest for sentrum, sjå illustrasjon under. Fartsgrensa langs riksvegen ved Brusand vert sett ned i samband med arrangementet torsdag, hugs at det ikkje er høve til å parkere langs riksvegen.

Program

 

Torsdag 10. august 

12:00-19:00 Bygdadag med marknadstelt: Sal av grillmat, komle, fiskesuppe, is/brus m.m., stands og aktivitetar.
13:30 Toget kjem! (Ver ute i god tid!)
13:40-16.00 Underhaldning frå scena:
  • Sirkus Vaudeville (Ragnvald Wernøe, Frank Robert Andreassen, Inger Elisabeth Aniksdal, lokale barn)
  • Hå Trekkspillklubb
  • Dikt av og med Eva Hegre
  • Barnekonsert (Ragnvald Wernøe, Sunniva og Helene Mjølsnes, Marie Rugland, Maria Svensen
  • og Mirjam Rasmussen)
  • Dikt av og med Eva Hegre
  • Hå Trekkspillklubb
14:00 NRK v/ stasjonen
  • Møt Fantorangen og Perla 
  • Kast slimball med ”Labyrint”
  • Prøv VR-guiding - Hopp i Holmenkollen!
  Underhaldning frå scena:
  • Sirkus Vaudeville
    (Ragnvald Wernøe, Frank Robert Andreassen, Inger Elisabeth Aniksdal, lokale barn)
  • UKM-konsert
    (Morgenstemning m/ Maria Svensen, Marie Rugland, Sunniva og Helene Mjølsnes • Dans m/ Matias Håland • Tiritobma m/ Bjørghild Espeland, Rebecca Svensen og Maciej Stroynowski • Engler i sne m/ Oda Ystanes og Mia Pettersen • Raise Hell m/ Gitta Jonaityte • Mon coeur m/ Marie Elise Herredsvela)
  • Konsert med Jadelle
20:00-21:00 NRK Sommeråpent direkte frå Brusand
21:00-01:00 Pølsefest (Arr. Jærgarden Kvalbein og Helgåleiren)
  • Enkel servering, øl og vin.
  • Frå scena: Johnny Red & the Prayerhouse People, Dei Tri
   
  Fredag 11. august
09:00-11:00 Reiseradioen sender frå Brusand stasjon