Viktig melding

Lukk meldinga

Fleire endringar i søppeltømminga

Det blir nye tømmedagar i heile kommunen. 

Frå nyttår får du nye tømmedagar for søppel. Me kjem ikkje til å levera ut tømmekalender i år. Sjekk når søppelet ditt skal tømmast her.

Om du går tom for matavfallsposar, kan du knyta ein pose på dunken, så leverer renovatørane ut ein ny rull til deg. Det er berre dei som har nedgravne containerar, som får levert ut posar av kommunen ein gong i året. Alle kan også henta posar på Pytten miljøstasjon eller i servicetorget på rådhuset. Les meir om denne ordninga her.

Nå kan du kasta glas- og metallemballasje i den blå dunken. Finn dine tømmedagar her.  Første tømming blir i januar eller februar. Skyll det du kastar med kaldt vatn. Ikkje bruk plastposar eller sekk i den blå dunken.  

Kontakt

Servicetorget Hå kommune
Telefon: 51793000