Viktig melding

Lukk meldinga

Digital oppgradering for legekontora i Hå

Montasje med skjermdumpar frå Helse Norge-appen. Foto/grafikk. - Klikk for stort bilete

Nå går legekontora i Hå over til Helse Norge sine digitale løysingar. Dette betyr mellom anna at du kan bruka Helse Norge-appen til å bestilla og avbestilla timar, fornya resept eller ha kontakt med legekontoret.

Helse Norge-appen kan du lasta ned i App Store og Google Play. Hjelp gjerne foreldre eller gode naboar med å installera appen slik at dei kan ha digital kontakt med legekontoret sjølv.

Du kan òg logga deg inn og finna all kontaktinformasjon til legekontora i Hå på www.ha.no/legekontor

NB! Du må sjølv endra samtykke på Helse Norge for å bruka e-kommunikasjon med fastlege. Du må kryssa av for «fullt samtykke», dette treng du berre å gjera éin gong.