Som ein del av undervisninga har skuleelevane rydda og registrert søppel på stranda, like ved eit reinseanlegg for kloakk. Og det er spesielt våtserviettar elevane har funne mykje av.
Det er ikkje berre på Jæren at våtserviettar vert kasta i do. Over heile Noreg er dette eit aukande miljøproblem. Om våtserviettane går i do, og ikkje i bosset, endar dei opp i havet og vert til mikroplast – som igjen fører til at dyr døyr.
Nokre av Bryne-elevane tok turen innom rådhuset på Varhaug, der ordførar Jonas Skrettingland fekk sjå kva dei hadde plukka opp på Hårr.
– Det er veldig dumt at det er slik. Me må jobba med haldningane til folk, seier Skrettingland til NRK.
Sjå heile innslaget på nettsidene til NRK Rogaland
Jærbladet har også omtalt alle våtserviettane som hamnar i havet
NB! Det er berre tre ting som skal i do. Dopapir er ein av dei...