Viktig melding

Lukk meldinga

Byggeskikkprisen til lafta fjøs

Bilde av ordførar Jonas Skrettingland som overrekker byggeskikkprisen 2021 til Johan Tjåland. - Klikk for stort bileteOrdførar Jonas Skrettingland overrekker byggeskikkprisen 2021 til Johan Tjåland. Sjur Håland, Bondevennen Hå kommune sin byggeskikkpris 2021 går til Matningsdal-bonden Johan Tjåland, som har bygd ny driftsbygning med kortreist tømmer.

Prisen er ein heiderspris som blir gitt til eit byggverk eller bygde omgjevnader som gjennom utføring, materialbruk, utforming, energibruk, miljø, kostnad, byggeprosess og samspel med stad og omgjevnader, dannar eit eksempel til etterfølging som kan medverka til å heva, fornya og utvikla den allmenne byggeskikken.

Bilde av det nye fjøset til Johan Tjåland, som er bygd med kortreist tømmer frå Ryfylke. Tjåland har sjølv teikna bygget. - Klikk for stort bileteDet nye fjøset til Johan Tjåland er bygd med kortreist tømmer frå Ryfylke. Tjåland har sjølv teikna bygget. Anne-Kristin Gangenes, Hå kommune Årets vinnar utmerker seg ved å henta fram tradisjonelt byggemateriale og bruka dette på ein ny måte. Bygget har ei god arkitektonisk utforming og plasseringa er tilpassa det sårbare landskapet med kulturminne og verna vassdrag.

Bygget er basert på eit laftesystem der veggane består av eitt lag med vedlikehaldsfritt tømmer utvikla av Riska Sagbruk. Driftsbygningar i tre er ikkje vanlege på Jæren i dag. Auka bruk av tre i landbruksbygg er ein sentral del av det grøne skiftet, og har ein særleg positiv klimaeffekt. Det er også viktig for den lokale verdiskapinga i skogbruket i Rogaland.

I vinnarbygget er materialet kortreist tømmer frå Ryfylke. Bygg i tre har positive effektar for trivsel og inneklima, slik som naturleg regulering av fukt, temperatur og ventilasjon, og god lyddemping i rommet. Dette gir fjøs som er gode å opphalda seg i for dyra, og for dei som arbeider der. Bygningen er eit naturleg ventilert kaldfjøs som gir låge energikostnadar. Det er  eit regionalt  mål å bygga driftsbygningar i tre.

Driftsbygningen husar både ammekyr og sau. - Klikk for stort bileteDriftsbygningen husar både ammekyr og sau. Anne-Kristin Gangenes, Hå kommune Bygginga var motivert av ønsket om å legga til rette for vidare drift av garden for framtidige generasjonar. Plasseringa er vald for å gi dyra enkel tilgang til beite og kystlynghei, og for ikkje å bygga ned dyrka mark i tunet.

 Bygget har god arkitektonisk utforming og dempa fargebruk. Bygget har ei midtfløy i to etasjar, der hovudinngang og kontor er lokalisert. Kontoret i andre etasje har innvendige vindauge som gir godt innsyn til dyra. Driftsbygningen har ei avdeling for sau og ei for ammekyr. For å avgrensa inngrepet i landskapet, er gjødsellageret bygd under driftsbygningen.

Byggeskikkutvalet håper at prisen vil inspirera til vidare satsing på god, klimavennleg og stadstilpassa byggeskikk. Prisen består av ein plakett og 25 000 kr. «Landbruksbygg Matningsdal 70» er eit eksempel til etterfølging i samsvar med statuttane til byggeskikkprisen, og blir kåra som vinner av Byggeskikkprisen for 2021.

Byggeskikkutvalet/juryen har i 2021 bestått av:

  • Kjersti Skjæveland (utvalsleiar) – politisk vald representant
  • Einar Vigrestad  – politisk vald representant
  • Anfinn Rosnes –  ass. landbruksdirektør, Statforvaltaren i Rogaland  
  • Asgeir Bell – styremedlem, Stavanger arkitektforening
  • Anne-Kristin Gangenes, kommunalsjef for tekniske saker og næring– utpeika av kommunedirektøren
  • Eva Watne, leiar av kulturvernavdelinga i Hå kommune/dagleg leiar Hå gamle prestegard – utpeika av kommunedirektøren

Juryen understrekar mellom anna at bygget har god arkitektonisk utforming og dempa fargebruk. - Klikk for stort bileteJuryen understrekar mellom anna at bygget har god arkitektonisk utforming og dempa fargebruk. Anne-Kristin Gangenes, Hå kommune   Også inne i fjøset er det brukt mykje tre som materiale. - Klikk for stort bileteOgså inne i fjøset er det brukt mykje tre som materiale. Anne-Kristin Gangenes, Hå kommune