Bø skule er årets norske skulebygg 2017!

På konferansen "Bygging av fremtidens skole 2017" fekk Bø skule pris for "Årets skolebygg 2017". Ein kompetent jury av uavhengige ekspertar vurderte alle innkomne forslag, og 5 prosjekt vart plukka ut til ei avrøysting.

I nominasjonen uttalte juryen blant anna:Bø skule – Kilde Ola Roald (Ola Roald AS) - Klikk for stort bilete Ola Roald AS


"Det er tenkt i forskjellige romligheter som kan understøtte forskjellige organiseringer. God løsning om
det de kaller skolens hjerte og tilgrensende områder. De har trinnarealer, med kombinasjon av ulike
volum i bygget. Mye lys. Spennende kombinasjoner av materialer. Gode uteområder. Bygget har en
tydelig soneinndeling, hvert trinn har sitt eget hus/sone i anlegget. Trinnarealene er bygget opp med
undervisningsrom i ulike størrelser med mulighet til å organisere elevene i ulike gruppestørrelser.
Garderobene er lett tilgjengelig både fra trinnarealet og uteområdet. Variasjon i fasader med ulike
høyder, størrelser og uttrykk. Fint opparbeidet uteområdet med ulike soner.”

"Me er stolte av dette - mange har gjort en god jobb"

Diplom Hå kommune.png - Klikk for stort bilete

Eigedomssjef Arne Birkeland i Hå kommune er stolt på vegne av kommunen og roser samtidig arkitektar, politikarar og samarbeidspartnarar for ein god jobb i planlegginga og gjennomføringa av dette praktbygget på Nærbø.

Fakta om Bø skule

Den nye Bø skule sto ferdig til skulestart hausten 2016. Skulen kan huse opp til 550 elevar, i tillegg til ca. 20 er på ATO-avdelinga. Skulen har 7 årstrinn. Elevar og lærarar er igjen oppdelt i 3 arbeidslag 1.-2. 3.-5. og 6.-7. Skulen har og fått ein stor fleirbrukshall i tilknyting til skulen. Skulen er designa som eit kryss der “hjartet” i skulen ligg i skjeringspunktet mellom dei ulike fløyene. Utvendig er hovudmaterialet i fasaden sedertre.

Fotograf: Ola Roald AS Fotograf: Ola Roald AS Fotograf: Ola Roald AS Fotograf: Ola Roald AS Fotograf: Ola Roald AS
Sist endra 19.05.2017
Fann du det du leita etter?