Bli med på namnekonkurranse
Gråtassen barnehage skal skifta namn, og inviterer deg til å koma med forslag
Premie:
Eit gåvekort på 2000 kroner som tilsvarar ein månad gratis barnehageplass i Hå for eitt barn (utan kostpengar).
Visste du dette om Gråtassen barnehage:
- Næraste nabo til Varhaug skule
- Full pedagog-dekning
- Kort veg til togstasjonen
- Opnar kl 06.30 om morgonen
- Trygge, solide vaksne
- Har tidlegare høyrt saman med Trekløveren barnehage
- Held til i Pilevegen, Varhaug
Korleis senda inn namneforslag?
Send forslaget ditt saman med namnet ditt og telefonnummeret ditt til barnehagesjef Rannveig Eriksen: rannveig.eriksen@ha.kommune.no
Frist: 1. mars
Ein jury vurderer alle innkomne forslag 3. mars. Dersom vinnar-namnet er sendt inn av fleire, vert det trekning blant dei.

Sist endra 22.02.2025 15.11