27. januar er kvart år ei påminning om offera for Holocaust og om forpliktinga til å jobbe mot antisemittisme, rasisme og andre former for intoleranse som kan føre til vold mot grupper. Datoen markerar dagen då sovjetiske tropper frigjorde utrydningsleiren Auschwitz-Birkenau i 1945.
Hå kommune markerer dagen med digitalt foredrag i regi av biblioteket. Mer informasjon under:
- Onsdag 27.januar. Biblioteket på Nærbø / på nett kor som helst
LENA LINDAHL: «Jenta i veggen – i skjul for nazistene». Eit digitalt foredrag.
I biblioteket i Hå kan du få med deg det digitale foredraget Jenta i veggen av Lena Lindahl. I 2018 kom ho ut med boka «Jenta i veggen – i skjul for nazistene». Boka er ein biografi om Betzy Rosenberg, ei norsk-jødisk jente som klarte å gøyme seg for tyskarane og norske nazistar i Trondheim frå hausten 1942 til krigen var slutt. Foredraget tek for seg jødane si historie knytt til 2. verdskrig og Betzy Rosenberg sin skjebne spesielt.
Klikk på denne lenka for å sjå foredraget
Foredraget vil vere tilgjengeleg for deg døgnet 27. januar og varer i 64 minutt.
Alternativt kan du møta opp i Litlaståvå på Nærbø bibliotek og sjå føredraget på storskjerm
27. januar kl.13.00. Du må melda deg på først: 51 79 36 80 / bibnar@ha.kommune.no.
Digital produksjon av Jødisk museum. For ungdommar og vaksne. Støtta av Fritt Ord. Gratis.
PS! Visste du at det er ein «snublestein» i Hå kommune? På denne sida kan du lesa om minnesmerket for Ludwig Melzer.