Viktig melding

Lukk meldinga

Bli med og gjer Hå til Jærens sprekaste kommune

Bli med på årets Sykle til jobben-aksjon som startar 3. mai. I år konkurrerer kommunane Time, Klepp og Hå om å ha dei sprekaste innbyggarane. Og du treng faktisk ikkje å sykla!

Påmeldinga til årets Sykle til jobben-aksjon er open. Den startar onsdag 3. mai og varer til 16. juni. Det er gratis for alle innbyggarar og bedrifter med postadresse Hå å vera med.

Ved å delta sankar innbyggarar i Hå viktige poeng for kommunen sin i den lokale konkurransen mellom jærkommunane.

Den av dei tre kommunane som får flest innbyggar-poeng totalt under aksjonen, kan smykka seg med tittelen «Jærens sprekaste kommune.

Poeng for alle typar fysisk aktivitet

Alle innbyggarar frå 15 år og oppover kan delta i aksjonen. Du treng verken å ha ein jobb eller eiga sykkel for å delta, for alle typar fysisk aktivitet gir poeng.

Eksempel på aktivitet:

  • Gå tur
  • Sykla
  • Dansa
  • Jogga
  • Surfa
  • Spela fotball
  • Spela badminton
  • Yoga

Alle kan vinna gåvekort

  • Alle Hå-innbyggarar som klarer å sanka fleire poeng enn ordførar Jonas Skrettingland i løpet av kampanjen, er med i trekninga av eit gåvekort med verdi på 1000 kroner.
  • I tillegg er alle deltakande innbyggarar med i trekninga av eit gåvekort på 1000 kroner og det kulturhistorisk bokverket «Hå kulturhistorie».
  • Du kan også delta på nasjonale utfordringar kvar veke og vinna premiar som treningsutstyr, sykkel og mykje meir.

Slik melder du deg på:

1. Gå inn her:

Påmelding på sykletiljobben.no og trykk meld deg på.

2. Følg stega med innlogging til Sykle til jobben 2023.

3. Vel om du deltek åleine eller med ei bedrift.

4. Dersom du deltek med ei bedrift: Vel bedrift eller opprett bedrifta. Vel så om du vil bli med på eit lag med kolleager eller delta åleine.

Viktig info for deg som deltek med ei bedrift:

For at dine personlege innbyggar-poeng skal telja med i konkurransen «Jærens sprekaste kommune», er det viktig at du registrerer postadressa di på din personlege profil. Det er då mogleg for ein håbu som arbeider i ein annan kommune å sanka innbyggar-poeng for Hå, sjølv om arbeidsplassen er i ein annan kommune.