Barn påvirkes før du gjer det

90.000 barn veks opp med foreldre som drikk for mykje.

I tillegg kjem alle dei som har ubehagelege opplevingar med foreldra si drikking innimellom.

Påske er høgtid for gode minner for barn, minner dei tek med seg livet ut. Men når påsken ringes inn, skyter også salstala til Vinmonopolet i veret. Fri frå jobb og hyttekos auker risikoen for at du startar å drikka tidlegare på dagen, eller at du drikk meir enn du hadde tenkt.

Generalsekretær i Av-og-til, Ragnhild Kaski, seier det kan vera lurt å stoppa i god tid før du kjenner deg påvirka av alkoholen, sidan barna gjerne merker endringa først.

–  Det kan vera vanskeleg å oppdaga når det går frå å vera triveleg, til å bli ubehageleg for barna. Der me vaksne blir litt gladare, føler oss litt morsommere og litt meir levande etter nokre glas – ser vår lykkepromille annleis ut med barneøyne, seier Kaski.

Maks to glass

Mange barn synest det er heilt greit at foreldra drikk litt vin eller ei øl innimellom. Men Kaski esier det ofte skal mindre alkohol til enn mange vaksne trur før barn kan bli utrygge.

– Eit glass vin til maten eller ei øl i solveggen kan vera godt. Men for barna sin del bør du tenka deg om før det eine glasset blir til tre, seier ho.

Ei undersøking gjennomført på vegne av alkovettorganisasjonen Av-og-til viser at dei fleste barn ønsker at vaksne drikk null, eitt eller maks to glass alkohol når dei er saman med dei.

Det treng med andre ord ikkje vera snakk om misbruk eller fyll før alkoholbruk påvirker barna negativt.

–  Felles for dei fleste barn er at dei ønsker seg foreldre som oppfører seg akkurat slik dei pleier, også i påsken, sier Kaski

Barnas behov føre eige ubehag

Mange legg merke til foreldre som drikk litt for mykje rundt barna sine. Det kan vera ein nevø som synest det er ubehageleg når dei vaksne drikk i eit selskap, eller ei jente som trekker seg litt unna på ferie med mamma eller pappa. Då er det viktig at me vaksne tek grep.

–  Sjølv om det kan vera vanskeleg å vita kva me kan gjera, er det viktig at me torer å handla på den vonde magefølelsen, meiner Kaski. 

- Barnas behov må gå føre vårt eige ubehag.

Nesten 1 av 10 barn opplever at mamma eller pappa drikk for mykje alkohol. Mange av desse fortel det ikkje til nokon. Men barn treng vaksne som ser dei.

Hå kommune vart Av-og-til-kommune i 2024. 

Les meir om alkovett-organisasjonen her