Velkomen til nettverk for allmennlegar i spesialisering (ALIS) i kommunane Klepp, Time og Hå. Me vil invitera deg som er i spesialisering i allmennmedisin eller på veg inn i dette i ein av våre tre kommunar, til tredje nettverkssamling.
- Tid: 5. desember 2024 klokka 11:30, lunsj 11:45 - 12:15, julemat.
- Stad: Bryne kro og hotell
Tema denne gongen vert behandlingsavklaring og kroniske smerter, Anders Madsen (tidligare fastlege, no sjukeheimsoverlege Hå) og Rune Slettbakk (fastlege og sjukeheimslege Klepp) vil innleia. Begge to har i tillegg erfaring frå smertebehandling i spesialisthelsetenesta.
Samlinga vil bestå av innlegg og tid til drøfting.
- 11.30: Oppmøte
- 11.45-12.15: Lunsj
- 12.30-13.30: Undervisning/innlegg
- 13.30-14.00: Kaffepause
- 14.00-15.15: Kasuistikker, diskusjon, avslutning.
Påmeldingsfrist 28. november.
Ved praktiske spørsmål, ta kontakt med komiteen:
Vel møtt!
Helsing Roman, Håvard, Øystein, Kristin, Gerd Signy og Lene