Viktig melding

Lukk meldinga

69 nye ladestasjonar på plass


Kristian Oftedal og Stig Hobberstad ved ein ladestasjon for bil utanfor rådhuset - Klikk for stort bilete 

Fleire lokale bedrifter har vore med og utvikla og produsert dei fine ladestasjonane som er plassert ved ni ulike kommunale bygg i Hå kommune.

Mange har sikkert fått med seg at det har dukka opp ladestasjonar for bilar ved fleire av dei kommunale bygga. 69 nye ladarar er nå klar for bruk frå Ogna i sør til Nærbø i nord. 

Dette er eit ledd i ein overordna miljøstrategi der Hå kommune har sett føringar for at innkjøp av nye bilar, der det er praktisk mogleg, skal vera null-utsleppskøretøy. I første omgang skal alle nye innkjøp av person- og varebilar innan 2025 vera null-utsleppsbilar. I den forbindelse hadde Hå kommune behov for å etablera eit nettverk for lading av desse kjøretøya.

Ope for publikum

- Det vart tidleg i planlegginga klart at ladeinfrastrukturen skulle tena fleire formål, både for kommunens eigne køyretøy, tilsette sine køyretøy og at ladarane skal vera tilgjengelege for publikum og besøkande via ei enkel betalingsordning, seier Stig Hobberstad. 

Det er dermed vinn-vinn for kommunen sjølv og lokalmiljøet. Når kommunen sine eigne bilar ikkje treng ladeplassen, kan naboar og besøkande bruka ladestasjonen ved å betala for seg. 

Lokalt

Mange lokale bedrifter har bidratt til å utvikla desse lekre stasjonane med kommunelogoen. Eit skikkeleg godt Me løfter i lag-prosjekt.

 

Her er ladestasjonane plassert:

  • Klokkartunet 29, Varhaug - 14 ladarar
  • Rådhusgata 8, Varhaug – 10 ladarar
  • Lyngvegen 14, Nærbø – 18 ladarar
  • Jadarvegen 5, Nærbø – 5 ladarar
  • Varhaug helsesenter – 4 ladarar
  • Vigrestad helsesenter – 4 ladarar
  • Ogna skule – 8 ladarar
  • Bø skule – 4 ladarar
  • Bøvegen 16 – 2 ladarar