Sosialpedagogisk team ved Varhaug ungdomsskule Ved kvar barnehage og skule er det oppretta eit tverretatleg utval - sosialpedagogisk team - for å ta seg av samansette problem. Målsetjinga for teama er tidleg innsats og førebyggjande arbeid, og å samordna og gi råd vedr. tiltak for barn og unge frå 0 - 16 år. Dette gjeld både i høve til fysiske, psykiske, språklege og sosiale område. Eit bredt samansett team med variert kompetanse er nyttig for å kunne drive gode institusjoner og for å kunne arbeide godt med førebygging av vansker. Teama har representantar frå: Barnehagen, 0 - 5 år Skulen, 6 - 16 år Pedagogisk psykologisk teneste (PPT) Helsestasjonen Barneverntenesta Ved behov vert andre faginstansar kalla inn. Alle som tek del i teamet har teieplikt. Før namngjevne barn vert drøfta, skal foreldre/føresette verta kontakta. Dei skal og verta orienterte om teamet sine vurderingar. Foreldre/føresette og barn over 15 år kan møta i teamet. Dersom du/de ønskjer kontakt med sosialpedagogisk team, kan du/de ta kontakt med barnehagen/skulen/helsestasjonen, eller andre som er med i teamet. Sist endra 01.06.2016 08.59