FAU sine anbefalingar til bursdagsselskap
Illustrasjonsbilete: bursdagskakeMe ynskjer at alle elevar ved Varhaug skule skal trivast, ha eit godt miljø og ha gode klassekameratar. For å førebyggje utanforskap blant våre elevar har FAU laga nokre anbefalingar for bursdagsselskap.
Alle barn bør takka ja til invitasjonar til bursdagsselskap og liknande
- Med dette oppmodar me til at alle som vert inviterte til bursdagsselskap eller liknande takkar ja. Det kan vera vanskelig for barn å forstå kva konsekvensar det kan ha for den som inviterer dersom ein grunnlaust takkar nei.
- Skulen eller FAU kan ikkje påleggja nokon å delta på ulike samankomstar utanfor skulen, men me håpar føresette tek dette valet i omtanke for andre barn.
- FAU oppmodar til å senda digital invitasjon til andre føresette slik at dei er klar over feiringa.
Alle barn av same kjønn bør verta invitert
- Me oppmodar til at føresette saman med barnet inviterer alle gutar eller jenter i ei gitt gruppe. Det er i orden å invitera barn utanfor gruppa, men ein må vera merksam på at ikkje ein eller to enkeltelevar i ei gruppe står som einaste utan invitasjon.
- Dersom eit barn ikkje ynskjer å invitere eit enkelt barn håpar me føresette nyttar sjansen til å snakka med barnet om kor viktig det er at alle vert inkludert, det å vera god med andre og korleis det kan vera haldt utanfor.
Kva tid er det greitt å takka nei?
- Det kan koma hendingar i vegen som gjer at ein må takka nei.
FAU meinar at kvardagslege avtalar som til dømes trening, besøk til ein ven eller ein tur til besteforeldre ikkje er grunn nok til å takka nei til bursdagsselskap. - Kanskje kan eit "nei" frå eit barn kan føra til "nei" frå andre. Dette skjer og på Varhaug skule. Dette kan vera ein form for utestenging som kan vera vond for barnet som sender invitasjon.
Me anbefalar at føresette tek ansvar for barnet som inviterer eller vert invitert
- Me håpar at alle føresette gjer sitt bidrag til å gjera Varhaug skule til ein skule kor ingen barn kjenner seg utestengt eller ekskludert, og som byggjer vennskap og gode relasjonar. Dersom ditt barn skal invitera eller har blitt invitert til bursdagsselskap eller liknande, håpar me at føresette og barn handlar vennleg og inkluderande ovanfor klassekameratane sine.
Med helsing FAU, Varhaug skule
Januar 2022
Sist endra 08.08.2024 00.14