• Hopp til innhald
  • Hopp til meny
  • Hopp til søk

Lesehjelp

  • Endre tekststørrelse
  • Endre kontrast

Varhaug skule

  • Søk
  • Meny
  • Om oss
    • Visjon (PDF, 772 kB)
    • Organisering
    • Bibliotek
  • Praktisk info
    • Kantine
    • Skulehelsetenesta
    • Ny på Varhaug skule
    • Målform
    • Skyss
    • Alle med i Hå
  • Trinn
    • Elevar fødde 2018
    • Elevar fødde 2017
    • Elevar fødde 2016
    • Elevar fødde 2015
    • Elevar fødde 2014
    • Elevar fødde 2013
    • Elevar fødde 2012
  • SFO
    • SFO - Hå kommune
  • Råd og utval
    • Trinnkontaktar
    • Elevrådet
    • FAU
      • FAU - dato og referat
      • FUG.no
  • Sosial kompetanse
    • Sosial læreplan
    • Kommunalt ordensreglement
    • Sosialarbeidar
Du er her:
  • Råd og utval
  • Trinnkontaktar
  • Elevrådet
  • FAU

Varhaug skule samarbeid med heimen

Å bruka tid på barna sin skulegang er ei god investering. Det betyr mykje for barnet å sjå at føresette interesserer seg for skulen. Forsking syner at positiv interesse hjå føresette for barna si læring har meir å seia for barna sitt utbytte av skulegangen enn noko anna. Alle føresette er difor ein viktig ressurs for eigne barn. 

I opplæringslova står det at opplæringa skal skje i samarbeid og forståing med heimen. Og læringsplakaten seier at det er føresette som har hovudansvaret for barna og at dei difor må ha medansvar i skulen.

Skulen har ansvar for å leggja til rette for eit godt samarbeid mellom heim og skule. Difor har vi på Varhaug skule lagt opp til ein del faste rutinar for samarbeidet.

Foreldremøte 


Det vert invitert til to foreldremøte på trinnet kvart skuleår, eit på hausten og eit på våren. Ved behov kan ein invitera til fleire møter.

Foreldrekontaktar 


Det vert vald foreldrerepresentantar på kvart trinn. Dei vert bindeledd mellom føresette på trinnet og skulen. Foreldrekontaktane på kvart trinn vert invitert til minst eit samarbeidsmøte i året der ein tek opp aktuelle saker. Det er viktig at dei føresette nyttar sin foreldrekontakt til å ta opp saker dei føler er viktige.

Utviklingssamtale


Føresette skal ha to utviklingssamtalar i året. Ein kan også velja å ha tre utviklingssamtalar i året. Tidspunkt vert avtala med kontaktlærar.

I tillegg kjem føresette si deltaking i rådsorgan ved skulen, FAU og samarbeidsutvalet. 

Sist endra 25.01.2023 09.11