Her kan du lesa barnehagebruksplan 2025-2028 (PDF, 29 MB)
Barnehagebruksplanen gjer greie for antatt behov for barnehageplassar i perioden 2025-2028 og forslag til prioriterte tiltak for å møta dette behovet. Framskrivingane av behovet for nye barnehageplassar viser at det samla sett er nok kapasitet i kommunen i dag.
Dei siste åra har veksten i folketalet vore vesentleg lågare enn dei føregåande åra. Det er sannsynleg at framskrivingane ikkje fangar opp den faktiske utviklinga framover, og i så måte blir tala usikre.
Det vil truleg vere mindre behov for barnehageplassar i åra som kjem. Samstundes kan endringar i nasjonale føringar gje fleire barn rett til plass. Det kan saman med reduksjonen i foreldrebetalinga, ha betydning for behovet for barnehageplassar. I planforslaget er det vist tre framskrivingar. Dette for å vise fleire moglege utviklingsbanar og hjelpe med å finna løysningar som er robuste for ulike utviklingar.
Barnehagebruksplanen vil bli revidert anna kvart år og vil bli lagt fram saman med kommunedirektøren sitt økonomiplanforslag.
Ei drøfting av kvaliteten og den gode barnehagen i samspelet mellom pedagogisk arbeid og barnehagen sitt fysiske miljø, blir nærare omtala i Kvalitetsplan for barnehage. Denne planen er under revisjon og revidert utgave er klar hausten 2025.
Her kan du lesa Kvalitetsplan for barnehage 2021-2024 (PDF, 10 MB)