Om Hå kommune

Hå kommune ligg i Rogaland fylke, ca. 40 kilometer sør for Stavanger. I dag har kommunen omlag 20.000 innbyggarar og er 248 km².

Foto av strand og hav. - Klikk for stort bilete

Organisasjon

Hå kommune blei slått saman av dei tre kommunane Nærbø, Varhaug og Ogna i 1964. Kommunevåpenet er ein sølvfarga steinbukk på svart bakgrunn. Hå kommune er den største arbeidsplassen i lokalsamfunnet og har cirka 1700 tilsette.

Besøk Hå

Hå kommune byr på høg himmel, mektig hav, vakre strender og levande landbruk.  Her finn du fleire kulturskattar, spennande museum og flotte turmål.

Turistinformasjon:

Les meir om kva du kan oppleva på denne kanten av Norge.

Foto av Obrestad fyr - Klikk for stort bileteObrestad fyr er ein ikonisk plass i Hå. Her går det også an å overnatta i husa rundt fyret. Det er Hå kommune som eig Obrestad fyr. Fyrmuseet og bygningane blir drifta av Hå gamle prestegard.