Dagsturhytta Tvitjørn

Dagsturhytta i Hå ligg på ein fin utsiktsplass langs den Vestlandske hovedveg, sørvest for Tvitjørn. Turen startar frå parkeringsplassen ved Ogna skule og tek cirka 40 minutt å gå kvar veg.

Dagsturhyttene er gratis tilgjengeleg for alle døgnet rundt, heile året. Dagsturhytta er di! Bruk hytta inne, ute og så ofte du vil. Og hugs at det også er alle andre si hytte, så respekter at andre kan bruke hytta mens du er der; og forlat hytta slik du vil finne den sjølv.

Kort om Tvitjørnhytta

  • Open: Heile året
  • Avstand: Cirka tre kilometer kvar veg
  • Passar for: Barn og vaksne
  • Overnatting: Nei
  • Universell forma tilkomst: ja, men nokre bakkar undervegs krev skryvekraft eller gode batteri
  • Toalett: Ja
  • Vedovn: Inne i hytta, ta gjerne med egen ved

Parkering:

Hytta i Hå er plassert på ein fin utsiktsplass langs den Vestlandske hovudveg, sørvest for Tvitjørn. Turen startar frå parkeringsplassen ved Ogna skule og tek rundt 40 minutt å gå kvar veg. 

NB! Det er viktig at de nyttar p-plassen ved Ogna skule og ikkje køyrer inn på Hyllandsvegen til Hølland gard. Det er ikkje tillate å parkera der, og det kan oppstå trafikkfarlege situasjonar på ein smal veg.

Kjem du med tog må du gå av ved Ogna stasjon. Følg Nordsjøvegen i sørleg retning, og sving av ved Ogna kyrkje. 

Frå Ogna skule følger du skilt austover og vidare til høgre forbi gartneriet inn på Vestlandske hovudveg. Turen frå Ogna og inn til Tvitjørnhytta er rundt tre kilometer.

Du kan også gå til Tvitjørn på Vestlandske hovudveg frå Heigrestad i Hellvik.

Kart, turbeskrivelse og turtrim

Du finn kart og turbeskrivelse på kart.stikkut.no.

Registrer turen din i appen Stikk Ut! og bli med på å samla på turmål.

Stikk UT!

Alle dagsturhyttene i Norge har eit felles design. Dei er 15 kvadratmeter innvendig, har enkel utforming med ei dør og vindauge. Hyttene kjem med vedomn og solcellepanel for belysning under takutstikk og ved inngangsparti. I tillegg til å vera eit turmål i seg sjølv, bidreg eit bibliotek i hytta til å gi ei turoppleving utover det vanlege.