Me jobbar med tidleg intervensjon og førebygging hjå ungdom og unge vaksne, som strever med psykiske utfordringar og er i risiko for skadeleg rusbruk. Målet er å førebygga «drop-out» frå skule og arbeidsliv.
Ungdommen sine eigne mål om kva som er viktig er utgangspunktet for tenesta, og for korleis me arbeider og samarbeider. Me har fokus på relasjonsarbeid. Det handlar om å visa respekt, vera i dialog, skapa tillit og vera tilgjengelige. Dette er prosessar som krev at me ofte er tett på over tid, har tru på ungdommen og bryr oss.
Me har teieplikt. Om du samtykker til det, kan me snakka med foreldre, foresatte eller andre instansar.
Me samarbeider med:
- SLT (Samordning av Lokale kriminalitetsførebyggande tiltak)
- Skulane i Hå
- Vidaregåande skular
- Oppfølgingstenesta for vidaregåande skular ( OT )
- Familiesenteret
- Fastlege
- Helsestasjonen
- NAV
- Rusverntenesta
- Barneverntenesta
- Politi
- Spesialisthelsetenesta, TSB