Fosterheim og besøksheim

Barn har det best når dei får bu nær folk og stader dei kjenner. I Hå jobbar me ekstra hardt for å finna fosterheimar og besøksheimar i nærmiljøet – helst i familien eller nettverket til barnet.

Vil du opna heimen din for barn som treng deg?

Du kan gjera ein stor forskjell i livet til eit barn. 
Du står aldri aleine. Du får god støtte, oppfølging og godtgjersle.

Meld deg på digitalt infomøte om fosterheim 16. september 20:00 - 21:30.

Fosterheim

Som fosterheim tek du imot eit barn som treng ein trygg og stabil heim over tid. Du får opplæring og støtte frå barnevernet.

Besøksheim

Som besøksheim opnar du heimen din for eit barn eller eit søskenpar – kanskje ei helg i månaden, annakvar helg, eller i feriar. Du gir barnet tryggleik, glede og gode opplevingar.