Årsplan Vigre natur- og friluftsbarnehage

6 Samarbeid

6.1 Samarbeid internt i barnehagen

6.1 Samarbeid internt i barnehagen

Vi ynskjer at samarbeidet på tvers av avdelingane skal vere trygt og godt, og at barna etterkvart skal kjenne alle vaksne og barn i barnehagen. Elles samarbeider vi på tvers av avdelingane for å gjere overgangen best mogleg. Vi legg opp til felles arrangement og turar i løpet av året.

Leiarmøte: Leiarane frå dei ulike avdelingane deltar. Møte vert gjennomført annenkvar veke.

Avdelingsmøte: Avdelingane har møte annenkvar veke. På møte tek vi opp faglege refleksjonar, og utfordringar, og er ein arena for samarbeid og rettleiing innetter på avdelingane.

Fagmøte: Fagarbeidar og barnehagelærer på tvers av avdelingane møter for fagleg refleksjon, kompetanseheving og rettleiing.

Komitémøte: Personal og barn frå Vigrerådet planlegg ulike fellesarrangement og markeringar.  

6.2 Samarbeid med eksterne instanser

6.2 Samarbeid med eksterne instansar

PPT – pedagogisk psykologisk rådgjevingsteneste for foreldre og barnehage. Vigre natur- og friluftsbarnehage har ein eigen kontaktperson i PPT, Inger Johanne Klausen.

Ressursteam: Teamet er sett saman på tvers av etatane. Barnehagen og foreldra kan ta opp utfordringar som gjeld einskilde barn eller barnegrupper. Blir eit barn teke opp med namn skal det alltid vera i samtykkje med foreldra, og foreldra skal gi skriftleg løyve til dette. Ved behov kan også foreldre delta på møtet. Ressursteamet består av helsesøster, representant frå barnevernet, pedagogisk psykologisk rådgivar, og representant frå familiesenteret møter ved behov. Styrar og pedagogar deltar på møta.

I tillegg har vi samarbeid med Jærmuseet, skulane i krinsen og private personer i nærmiljøet.
Barn med anna morsmål enn norsk, får i kortare eller lengre periodar tilbod om dialogisk lesing. Metoden har som mål om å gje barn auka kommunikasjonskompetanse, ordforråd og konsentrasjon.

6.3 Tidleg innsats

6.3 Tidleg innsats
Tidleg innsats handlar om å gje barnet rett hjelp så tidleg som mogleg. Med tidleg innsats kan vi førebygge sosiale vanskar, lærevanskar og seinare fråfall i skulen. Årsakene kan vere mange og komplekse. For barnehagane er det viktig å ha god struktur og gode system for å fange opp og førebyggje ulike vanskar. Dei fleste barna som har særskilde opplæringsbehov, blir tidleg fanga opp av hjelpeapparatet og barnehagen. Mindre vanskar blir derimot ikkje alltid oppdaga like lett, tidleg innsats er viktig også for desse barna. Personalet skal ha kompetanse på å fange opp, avdekke og legge til rette for det barn treng av hjelp og støtte. Barnehagelæraren vil ha ei sentral rolle i vurdering av barnegruppa og det enkelte barn si utvikling og tilrettelegging. Dei tilsette sin handlingskompetanse er av stor betyding, og ulike fagprofesjonar bidreg til at ulike behov blir ivaretatt.

(Henta frå Kvalitetsplan for barnehage 2021 – 2024, Hå kommune):

Fagprofesjonar som er med å bidreg til tidlig innsats kan vera:

  • Ressursgruppa: Sjå avsnitt 6.2.
  • Spesialpedagogisk team: Består av 6 spesialpedagoger.
  • Kompetanseløftet: For å heve fagkompetansen på småbarnsavdelingene i barnehagene.
  • CLAS: Forskingsbasert observasjonsmetode for å vurdere kvalitet på omsorg – og læringsmiljøet i barnehagen.
  • Alle med i Hå: Renate Erga Cederstrøm skal mellom anna samarbeide tett med helsestasjon, open barnehage og flyktningeininga. Målsettinga er å kome i kontakt med foreldre/føresette som har behov for å utvide kjennskap og nettverk til og i Hå.
  • Saman om god oppvekst: Det kommunale programmet har som mål å gje tidleg innsats og å styrke foreldre i foreldrerolla.
  • Dialogisk lesing: Barn med anna morsmål enn norsk, får i kortare eller lengre periodar tilbod om dialogisk lesing. Metoden har mål om å gje barn auka kommunikasjonskompetanse, ordforråd og konsentrasjon