4.1 Barn
4.1 Barn
Vigre natur- og friluftsbarnehage arbeider for at barna skal ha høve til å påverke sin eigen kvardag. Dei skal få medverke til, og kome med sitt syn på barnehagekvardagen. Deira synspunkt skal tilleggas vekt i samsvar med alder og modning. Barna skal møtast med respekt og anerkjenning av personalet i barnehagen. Det tydar at personalet må vere merksame både på barns kroppslege og språklege uttrykk. Personalet må vera «vakne», sjå og høyre kva det er barnet ynskjer å formidle, og ta barna sine uttrykk på alvor. Vi er opptekne av at vi skal ta oss tid til at barna skal få uttrykkje sine ynskje og behov.
Vigrerådet: Eit medverkande organ for barna som skal byrja på skulen. I rådet for dei gjera seg demokratiske erfaringar og øve seg på å ta avgjerder. Vi tar opp ulike ting, planlegg arrangement, bestiller leiker med meir. Møta er ca. 1 gong i månaden og vi ynskjer å avslutte med eit besøk på rådhuset med omsyning av ordføraren.
4.2 Foreldresamarbeid
4.2 Foreldresamarbeid
Foreldresamarbeid vert sikra gjennom foreldremøte og foreldresamtalar samt den daglege kontakten mellom personal og føresette. Barnehagen har eit foreldrearbeidsutval (FAU) som er samansett av valte foreldre i barnehagen, og eit samarbeidsutval (SU) med representantar frå utval for oppvekst og kultur i Hå kommune, barnehage og foreldre.