Årsplan Bjorhaug barnehage

4 Medverknad

4.1 Barn

Bjorhaug barnehage arbeider for at barna skal ha høve til å påverka sin eigen kvardag. Barna sin medverknad er ein sterk del av vårt pedagogiske verke og tenking. Medverknad stimulerer barns nyfiken heit , skapartrong og sjølvbilete.

Barnehagebarn er i høg grad kompetente til å skape kunnskap og meining i sitt liv. Det handlar om å verte anerkjend. Anerkjend som eit menneske. Eit menneske som skal få lov til å uttrykkja eigne opplevingar gjennom ord og kropp. Rammeplanen seier at «barn skal jamleg få høve til å delta aktivt i planlegginga og vurderinga.

Det betyr at personalet må vere merksame på barna sitt kroppslege og språklege uttrykk.

  • Medverknad handlar om meir enn å velje å vera ute eller inne.
  • Medverknad handlar om å oppleva anerkjenning for eigne tankar og meiningar.
  • Medverknad er å oppleva at eigne tankar og meiningar vert høyrte.
  • Medverknad er å oppleva at eigne tankar og meiningar nokon gonger får konsekvensar.
  • Medverknad er å verta inkludert i fellesskapet.

4.2 Foreldresamarbeid

Tilsette skal skapa og ha eit godt samarbeid med  foreldre.

Det er foreldre/føresette som kjenner barna sine best. Me i barnehagen ynskjer å vere eit positivt og godt supplement til heimen. For å få dette til legg me vekt på ein nær og god dialog/samarbeid med heimen. Saman med FAU har barnehagen utarbeidd eit forventningsdokument som gjeld for alle partar.

FAU: Foreldre-arbeidsutvalet består av 5 valte representantar frå foreldregruppa. Valet vert teke på fyrste foreldremøte i nytt barnehage år. Representantane vert sitjande i en periode på 2 år. FAU diskuterer innmelde saker som har med barnehagen å gjere, og tek dette eventuelt vidare til Styrar og SU. Medlemmene i FAU finn du kontaktinformasjon til på barnehagens heimeside.

SU: Samarbeidsutvalet består av 2 representantar frå barnehagens personell, 2 representantar frå FAU, Styrer og ein politikar frå Utvalet for opplæring og kultur. SU tek opp saker som er meldt vidare frå FAU og barnehagen, i tillegg til at dei mellom anna godkjenner årsplan og budsjett.

4.2.1 Saman om god oppvekst

Alle foreldre og føresette vil i løpet av barnehagetida få tilbod om å delta på kurset «Saman om god oppvekst» Dette foreldrekurset er delt inn i to aldersgrupper.

Det skjer ei stor utvikling i 3 og 6 års alderen, derfor er denne aldersgruppa valt ut. Overgang frå liten til stor avdeling for 3 åringar, og overgang frå barnehage til skule for 6 åringar. I Hå er me opptatt av tidleg innsats, derfor vert dette tilbodet nå gitt til foreldre med barn i barnehagen, og til personale som jobbar i barnehagen.

“Me løfter i lag” er mottoet til Hå kommune, og dette mottoet synes me passer fint til “saman om god oppvekst”. Barn veks opp i ein kommune, der det er foreldre som har hovudansvaret for barnas oppvekst, men det er mange andre som også er med å bidreg: familie, venner, naboar, personale i barnehage, etterkvart skule og vaksne dei møter på fritidsaktivitetar. Saman kan vi alle bidra, påverke og sikre barn ein god oppvekst. Det er nettopp dette vi legg i omgrepet “Samen om god oppvekst”.

Kommunen har fått midlar frå Bufdir til å drive Saman om god oppvekst! i 2021-2024. Det betyr at det vil verta foreldrekveldar årleg til og med 2024. Datoar og påmelding til foreldrekveldane vil koma i Visma.

«Saman om god oppvekst har fokus på det vi skal strekke oss etter i foreldrerolla. Ved å ha ein bevisstheit rundt, korleis ein sjølv vil være som forelder, og ta tak i dei tinga som ein sjølv synes er viktige, dette kurset har som mål å tryggja dykk foreldre i foreldrerolla.