6.1 Samarbeid internt i barnehagen
Me ynskjer at samarbeidet på tvers av huset skal vere trygt og godt, og at barna etterkvart skal kjenne alle vaksne og barn i barnehagen. Det er òg viktig at barna vert trygge på dei ulike avdelingane. For å leggje til rette for dette har me aktivitetar og leikegrupper på tvers av avdelingane. Dette er ein god måte å stifte vennskap og samhald på tvers av avdelingane.
Leiarmøte: Fagmøta består av pedagogar frå dei ulike avdelingane og vert hele ei gong i veka.
Basemøte: Basane har møte 1 gong i veka der dei tek opp fag, utfordringar, oppmuntringar og er ein arena for samarbeid internt på avdelingane.
Fagmøte: Består av personale på tvers av avdelingane. Dette møtet er en arena for samarbeid og felles kompetanseheving.
Komitémøte: Personale på tvers av avdelingane planleggar spesielle markeringar og dagar saman med Bjorhaugrådet.
6.2 Samarbeid med eksterne instansar
PPT – pedagogisk psykologisk rådgjevingsteneste for foreldre og barnehage. Bjorhaug barnehage har ein eigen kontaktperson i PPT.
Ressursteam: Teamet er satt saman på tvers av etatane. Barnehagen og foreldra kan ta opp utfordringar som gjeld einskilde barn eller barnegrupper i sos.ped. teamet. Blir eit barn tatt opp med namn skal det alltid vere i samarbeid med foreldra, og foreldra skal gje skriftleg løyve til dette. Sosialpedagogisk team består av Helsesøster, Barnevernet, pedagogisk psykologisk teneste. Styrer og pedagogar er med på møta. I tillegg har me samarbeid med Jærmuseet, tannhelsetenesta, Skulane i krinsen og brannvesen med fleire.
I tillegg har me samarbeid med Jærmuseet, tannhelsetenesta, skulane i krinsen og brannvesen med fleire.