Årsplan Bjorhaug barnehage

5 Overgangar

5.1 Når barnet begynner i barnehagen

I Bjorhaug barnehage legg me vekt på ein trygg start i barnehagen. Personalet skal sørgje for tett oppfølging den første tida slik at barna kan etablera gode relasjonar, oppleve tilhøyring og tryggleik til å leike, utforske og lære. For å oppnå dette har vi eit foreldremøte kort tid etter barnehageopptak, barna får fortløpande besøkstider der dei kan etablere ein relasjon til sin primærkontakt. Det vert og gitt anledning til å vitje barnehagen ein time i veka på oppsette dagar i etterkant av dette. Ved starten av barnehageåret anbefaler vi 5 dagars tilvenning der barnet er i barnehagen saman med sine føresette.

5.2 Overgangar i barnehagen

Me samarbeider på tvers av huset for å gjere overgangen mellom avdelingar best mogleg. I juni arrangerer me fleire besøk på ny avdeling. Då får barnet vitje ny avdeling i lag med primærgruppe og primærkontakt, om mogleg, og delta i samling og i måltid. Siste veka i barnehageåret legg me og til rette for at dei som skal bytte avdeling får gå på ny avdeling. Målet er å leggje til rette for ein mjuk overgang, at barna skal verta kjende og få ein byrjande tryggleik på ny avdeling før oppstart i august.

5.3 Overgang mellom barnehage og skule

Me  har gode rutinar for overgangen barnehage-skule. Frå februar/mars fram til juni vert barna inviterte til tilpassa skulestart. Barna får då gå på besøk til "sin" skule. Her er det eit variert opplegg der barna vert kjend med skulen, lærarar og kvarandre. Dei barna som går i barnehagen den dagen, vert fylgt av personalet i barnehagen, så langt det lar seg gjere. De foreldre vert inviterte til foreldremøte på skulen, samt til ein overgangssamtale med barnehagen, heimen og skulen.