Årsplan Bjorhaug barnehage

2 Barnehagens verdigrunnlag

2.1 Barnehagen skal

•    Møta alle barn med omsorg.
•    Sjå det unike i alle barn.
•    Gje barna ei oppleving av ein god barndom.
•    Skape gode og trygge relasjonar til barna.
•    Ha tid til det einskilde barnet sitt behov.
•    Leggja til rette for at barna får moglegheit til ro og kvile i løpet av barnehagedagen.
•    Skapa eit miljø med tillit og respekt.

2.2 Barnehagen skal ivareta barnas behov for leik

«Barnehagen skal bidra til at alle barn kan oppleve glede, humor, spenning og engasjement gjennom leik – aleine og saman med andre» (Rammeplanen, 2017, s. 9). Personalet skal ta initiativ til leik og aktivt bidra til at alle kjem inn i leiken. Dei skal rettleie barna dersom leiken medfører uheldige samspillsmønster, vere bevisst på, og vurdere eiga rolle og deltaking i barnas leik (Rammeplanen, 2017, s. 9).

Bjorhaug barnehage arbeider for at me skal sjå leiken, leggje til rette for, og inspirere til leik, både inne og ute. Det er personalet si oppgåve å støtte og oppmuntre barnet i leiken der ein ser det er behov for det. Me legg stor vekt på å gje leiken tid og rom, både ute og inne.

2.3 Barnehagen skal fremme danning

Barnehagen skal bidra til å leggje grunnlaget  for modig, sjølvstendig, og ansvarleg deltaking i demokratisk fellesskap, og bidra til at barna utviklar kritisk tenking. Barnehagen skal bidra til at barna forstår verdiar og normer som er viktig for fellesskapet og legge til rette for utvikling av etisk vurdering.(Rammeplanen, 2017, s. 21).

I Bjorhaug barnehage vil vi leggje til rette for meiningsfulle opplevingar, og støtte barna si  identitetsutvikling og positive sjølvbilete, læra barna å ta konsekvensar av eigne val, og gjere dei i stand til å handtera livet sine mange utfordringar. Danning skjer i det daglege samspelet og er ein del av barn sin utvikling, og heng nært saman med leik, læring og sosial kompetanse.

2.4 Barnehagen har ansvar for å sikra progresjon i barna si utvikling

Progresjon i barnehagen inneber at alle barna skal utvikle seg, lære og oppleve framgang. Opplevinga av meistring er nært knyta til utviklinga av eit godt sjølvbilete, derfor må alle barna få utfordringar tilpassa sitt ståstad.

Barna utviklar seg ulikt og med forskjellig tempo. Progresjonen skal derfor følgje barnet, ikkje ei bestemt aldersgruppe. Det er viktig at me vaksne i Bjorhaug har god kunnskap om det enkelte barn, slik at me kan gje han/ho noko å strekkje seg etter tilpassa kvart enkelt barn sitt ståstad.

Barnehagen skal gje kvar einskilt barn gode utviklingsmoglegheiter ut ifrå barnet sine interesser og evner. Personalet skal gje barna varierte erfaringar og opplevingar. Personalet skal sjå og bekrefta barna i meistrings augneblinkane, og ivareta barna si oppleving av meistring.

2.5 Aktivitetsplikt

Frå 01.01.21 blei eit nytt kapittel gjeldande i Lov om barnehage, kapittel VIII Psykososialt barnehagemiljø. Kapittelet inneheld tre paragrafer:

§41. Nulltoleranse og førebyggande arbeid

§42. Plikt til å sikra at barnehagebarna har eit trygt og godt psykososialt barnehagemiljø (aktivitetsplikt)

§43. Skjerpet aktivitetsplikt dersom en som jobbar i barnehagen, krenker et barn.

I Bjorhaug barnehage skal me vaksne:

  • Arbeida førebyggande, mellom anna ut frå verdiane våre omsorg og tryggleik - sosial kompetanse
  • Reagere på all form for krenking og utestenging, handtere, stoppe og følgje opp med aktuelle tiltak