Samarbeidet mellom heim og barnehagen skal alltid ha barnets beste som mål. Foreldre/føresette og barnehagens personale har eit felles ansvar for barnets trivsel og utvikling.
Dagleg kontakt og uformell småprat om barnet og det som føregår i barnehagen, er ein viktig base for foreldresamarbeidet. Men ikkje alle saker kan diskuterast i garderoben eller på foreldremøte, derfor kallar pedagogisk leiar inn foreldre til samtalar to gonger i året. I tillegg vert det kalla inn til foreldremøter.
For å sikra samarbeidet med heimen til barna i barnehagen, skal kvar barnehage ha eit foreldreråd (FAU) og eit Samarbeidsutval (SU).
Foreldrerådet og FAU i Askeladden barnehage
Foreldrerådet er samlinga av alle foreldre i barnehagen. Dei kan kalla inn til eigne møter. Dei vel sjølv representantar til arbeidsutvalet (FAU) og samarbeidsutvalet.(SU) I Askeladden barnehage er FAU med og arrangerer blant anna foreldremøte på våren og og grillkveld i august.
Kontaktpersonar i FAU:
- Leiar: Siren Love Ree 46898539 på avdeling Skolegruppen og Askeladdane
- Nestleiar: Hilde A. Undheim 46964657 på avdeling Småtroll
- Sekretær: Marit Kvalbein 94836691 på avdeling Skolegruppen og Askeladdane
- Medlem: Nina Skjæveland 46878729 på avdeling Småtroll og Askeladdane
- Medlem: Wenche Kydland 97014157 på avdeling Askeladdane
- Medlem: Øystein Aniksdal 41259432 på avdeling Askeladdane og Småtroll
Kontaktersonar i SU :
- Foreldrerepresentant: Siren Love Ree mobilnr: 46898539
- Foreldrerepresentant: Marit Kvalbein mobilnr: 94836691
- Politisk representant: Jorunn B Løge mobilnr: 45700664
- Personal: Karin E. Aniksdal
- Personal: Mina agnete S. Jansen
- Sekretær : Kristine Undheim mobilnr: 95005869
Samarbeidsutvalet skal vera eit rådgjevande, kontaktskapande og samordna organ. Barnehageeigaren skal sørgje for at viktige saker vert lagt fram for foreldrerådet og samarbeidsutvalet.
Samarbeidsutvalet er sett saman av 2 representantar frå foreldra og 2 representantar frå tilsette. Styraren er sekretær for samarbeidsutvalet, og har møte-, tale- og forslagsrett.
Utvalet skal særleg vera med å drøfte barnehagen sitt ideelle grunnlag og arbeida for å fremja kontakten mellom barnehagen og lokalsamfunnet.
Med utgangspunkt i rammeplan for barnehagen skal samarbeidsutvalet for kvar barnehage fastsetja ein årsplan for den pedagogiske verksemda.